I Vårtun er øvingane i full gang med ein entusiastisk gjeng som lovar at det også i år vil bli latter på skalaen frå lett humring til latterkrampe. Dei har ikkje hatt problem med å finne tema for revynummera. Her blir det blanda drops med sketsjar, song og musikk, sjølvsagt med Fjordabladet som god bakgrunnskjelde, der mange av uvesentlegheitene er serverte på sølvfat.

Brennheite tema

Tittelen på årets revy er: «Vi eignar oss best på radio», kva det no enn skal bety. Truleg ein veldig nær radio.

Revygjengen er varsame med å røpe for mykje, dei lovar mange overraskingar, men brennaktuelle tema som sveler og kommunesamanslåingar er ikkje til å kome forbi. Det er mykje graving på Hauane no for tida, og revyen tek pulsen på fiberfronten, og dei kan avsløre ei heilt ny næring i bygda. Helse Førde er med og presenterer sine planar for distrikta.

Songtalent

Det aller meste er heimeprodusert, her er det songtalent på rekkje å rad, nokre meir openberre, medan andre har meir skjulte talent som kjem til syne.

Revyen på Hauane er ein del av ein heilaften med betasuppe og dans, og alle som vil er hjarteleg velkomne til ein triveleg kveld i Vårtun onsdag før Skjærtorsdag.

SYNGEDAMER: Song og dans høyrer med i ein revy. Desse spreke damene er i full sving med øvingane. Det blir eit skråblikk på lokale hendingar, iblanda god fantasi. Foto: Anna Wuttudal