Statens vegvesen gjennomførte i går ettermiddag og kveld ein kontroll på Kjøs. Der vart ein lastebilsjåfør meld for ikkje å ha gjennomført godkjend vekekvil på 45 timar. Sjåføren vart pålagd å gjennomføre ein slik kvileperiode før han kan halde fram med turen.

–  Ein normal vekekvil kan ikkje takast i køyretøyet, og sjåføren vart difor nøydd å finne seg anna plass og sove dei neste 45 timane, melder Statens vegvesen.

Ein lastebileigar fekk gebyr på 8000 kroner for ikkje å ha bombrikke i køyretøyet.

Ein vogntogsjåfør måtte korte inn lengda på køyretøyet då dette var for langt.

Ein vogntogsjåfør måtte rydde frontruta for gjenstandar før han fekk køyre vidare

Tal på kontrollerte køyretøy var 26 og tal køyretøy inne på kontrollplassen 43.