Ein sjåfør er meld til politiet for å køyre med vogntog over lovleg lengde. Han har også tidlegare fått pålegg om å korte inn vogntoget sitt til lovleg lengde, som er 19,5 meter.

Det opplyser Svein Henjesand i Statens vegvesen frå kontroll på Kjøs, som vart gjennomført frå klokka 18.00 i går kveld til 03.00 i natt. Henjesand opplyser vidare at alle køyretøy som vanleg vart kontrollerte for dekk og kjetting.

Ein sjåfør fekk 750 kroner i gebyr for eit dekk under lovleg mønster, medan alle hadde tilstrekkeleg antal kjetting.  Ein sjåfør fekk skriftleg åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida.

To sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontrute før dei fekk køyre vidare.

Tal på køyretøy inne på kontrollplassen var 43, og tal på kontrollerte køyretøy var 38.