Heilt vanlege ungdommar tryllar fram ein imponerande innsats som utan tvil rører publikum – år etter år.

Sidan november har ungdommane øvd. Både replikkar, song og dans skulle sitte.

Bak står regissør Michael Pavelich og drar i trådane. Han fortel sjølv at ungdommane inspirerer han, men vi må innrømme at utan han hadde skulemusikalane truleg ikkje eksistert. Han er gull verdt.

Det er vanskeleg å gå på ein skulemusikal utan å vente seg noko som delvis er amatørmessig og klønete. For mange er det utenkjeleg at 17-18-åringar skal begeistre og fryde, slik som dei nettopp klarer på Nordfjordeid.

Tre dagar på rad leverte elevane stor sceneglød i Operahuset. Dei imponerte – igjen.

Det viser at det gror godt også i kulturen i Eid. Stadig kjem det nye ungdommar på kulturscena, som torer å prøve seg framfor eit stort publikum. Her er også skuleelevar som ikkje har vore i kulturskulen tidlegare, men som no når det er skulemusikal får prøve seg på scena.

Allereie i barnehagane blir grunnlaget laga. I til dømes Eid barnehage vert barnehagebarna tidleg introdusert for scenekultur. Avdelingane er allereie frå dei er eittåringar med på å lage teater som vert vist for dei andre små og store i barnehagen. Dette er verdifullt. Og alle er med på sine premissar. Nokre får replikkar, andre er berre med som støtte på scena. Verdien er likevel viktig. Dei vert frå dei er barnehagebarn tryggare på seg sjølv, og det å kunne vise noko for andre. Dette veks dei på, og er også verdifull erfaring når ein seinare i livet kan tore å stå på ei stor kulturscene. All ære til barnehagar og skular som legg tilrette.