Bama Alpinfestival er eit nasjonalt renn for utøvarar frå 12 år og yngre. Julia Felde imponerte stort, og plasserte seg heilt i toppen i alle tre renna ho deltok i.

Fredag var det super G, med 60 startande i klasse jenter 12 år. Her vart Felde nr. 5, 2,27 sekund bak vinnar Maisen Holst Rasmussen, Stabæk IF.

Her ser du fullstendig resultatliste frå Super G.

Bronse i storslalåm

Laurdag var det storslalåm. Her køyrde Felde seg inn til tredjeplass, 2,85 sekund bak vinnar Frida Strandmann Kaldhussæter, Stranda IL. Det var 70 deltakarar som fullførte storslalåm-konkurransen i klasse jenter 12 år.

Her ser du fullstendig resultatliste frå storslalåm.

Etter femte- og tredjeplass dei to første renna, toppa Julia Felde helga med å gå heilt til topps i slalåm søndag. Her var den lovande Haugen-alpinisten 0,85 sekund føre Frida Strandmann Kaldhussæter, Stranda IL. Tredjeplassen gjekk til Cornelia Nystrøm Rasmussen, Heming IL.

Her ser du fullstendig resultatliste frå slalåm.

Det var nærare 80 deltakarar i klasse jenter 12 år i slalåm under Bama Alpinfestival på Ål.