Eid-ordførar Alfred Bjørlo trur ikkje at det er ein god ide å jobbe for politiske vedtak om at Eid skal vere regionsenter. Dette er ikkje noko som ein einsidig kan bestemme seg for.

– Det er den verst tenkelege vegen for å skape vekst i Nordfjord.

– Vi lever ikkje i Kina. Vi er i Norge, konstaterte Eid-ordføraren på det felles kommunestyremøtet der næringsanalysen vart presentert. Der kom det mellom anna fram at næringslivsaktørar tek til orde for at det trengst ei motvekt mot dei sterke sentra i Sogn og Sunnfjord.

– Eid bør utnytte potensialet for å bli eit sterkt senter i Nordfjord. Aksen Sogndal-Førde- Florø blir stadig sterkare. Nordfjord har vore for fragmentert. Det meiner næringslivet at ein bør gjere noko med, seier Olav Hjelle som nyleg har gjennomført næringsanalyse i Eid og Selje.

Fleirkjernestruktur

I staden for å definere eitt regionsenter, vert det frå politisk hald i Nordfjord jobba med noko som vert kalla fleirkjernestruktur. Utgangspunktet er at Nordfjord er ein region med fire omtrent jamstore senter, ein har ein anna struktur her enn i Sogndal og Førde.

Nordfjordrådet har jobba systematisk med rolledeling og har definert dei sterke sidene til dei fire sentra. Det blir jobba med ein felles masterplan der ein i Nordfjord tek sikte på å opptre samla med innspel når det gjeld utvikling av dei vidaregåande skulane. Det er tankar om å etablere Nordfjordtinget og at formannskapa møtast. Felles planavdeling og felles lønnsavdeling vert det også jobba med. Felles arealplan kan vere aktuelt og å etablere eit felles næringsstruktursamarbeid. Gloppen vil ta initiativ til felles landbrukskontor. Eid og Gloppen har allereie felles landbrukskontor på Sandane.