Eid kommune er no inne i siste fase av utbygginga av vassverket som skal levere vatn frå Nor til heile Eidsdalen og Nordfjordeid. Vatnet skal pumpast opp frå djupet og skal først gjennom eit reinseanlegg som no er under bygging like ved Hornindalsvatnet.

UV-stråling

I reinseanlegget vil vatnet bli utsett for UV-stråling, som skal drepe eventuelle skadelege bakteriar. Det blir også tilsett «vannglass» for å regulere pH og verne røra og utstyr mot korrosjon. Vannglass er eit natriumsilikat, og stoffet skal også hindre avsettingar i røra som kan føre til misfarging av vatnet.

Vatnet som i dag kjem frå Fossane har ein kvalitet som gjer at det i tillegg til UV-stråling også vert tilsett klor. Hornindalsvatnet er så klart og reint at det ikkje treng anna reinsing enn UV-stråling. Det nye vassverket vil dermed i normalsituasjon levere vatn heilt utan klor.

Automatikk

I reinseanlegget er der to inntaksrøyr og tre pumper. Hovudinntaksrøyret hentar vatn på 40 meters djupn, medan reserveinntaket er på 20 meters djupn. Reserveinntaket skal eventuelt brukast under reinsing av hovudinntaket.

Prosjektleiar Einar Hessevik forklarer at dei tre pumpene vert brukt vekselvis, eller ein kan bruke to av dei samstundes dersom det skulle vere behov for det. Pumpene «snakkar med» følarar i høgdebassenga i Leivdalen og Hogaåsen og koplar seg inn automatisk når det er behov for påfyll.

20 millionar kroner

Bygg og installasjonar til reinseanlegget på Nor har ein kalkulert pris på 20 millionar kroner fullt utstyrt og inkludert inntaksleidning og tillaging av uteområde. Det er Stårheim Bygg AS som er hovudentreprenør for bygget, og dei har med seg mellom andre underentreprenør Kr. A. Vik på røyrleggararbeidet.

Caverion utfører bygginstallasjonen i eigen entreprise.

STOR KAPASITET: Inntaksrøyra har ein diameter på 355 millimeter. Røyra inn til reinseanlegget er dimensjonert for ein produksjonskapasitet på 35 liter per sekund. Foto: Anna Wuttudal
SNART FERDIGE: Prosjektleiar i Eid kommune Einar Hessevik og Jan Rune Sørland frå Kr. A. Vik. Foto: Anna Wuttudal
TRE PUMPER: Hovudentreprenør for maskin og elektro er Aqwa AS, som leverer alt av røyr, utstyr og elektriske komponentar som høyrer til reinseprosessen. Caverion er også underentreprenør for Aqwa. Foto: Anna Wuttudal
TANK MED VANNGLASS: Vannglass er eit natriumsilikat som både skal regulere pH og hindre avsettingar i vassrøyra. Foto: Anna Wuttudal