Tine premierer medlemer som har levert særs god mjølk over fleire år. Premien er 5-års plakett til dei som har levert elitemjølk i 5 av dei siste 6 åra, 10-års plakett for 10 av dei siste 12 åra, og 20-års plakett for 20 av 22 år med elitemjølk.

Plakettane vart delte ut på årssamlingane i dei tre produsentlaga Eid og Bremanger, Hornindal & Stryn, og Gloppen.

– Desse utmerkingane heng svært høgt. Blant vel 8000 mjølkeleverandørar her i landet, er det i 2017 74 som har innfridd krava til 20-års plakett. Heile 8 av desse hamna i Nordfjord, opplyser Tine i ei pressemelding.

Vidare vert dei aller høgste utmerkingane sølvtine og mjølkespann delte ut i samband med årsmøtet til Tine. Dei som tek imot sølvtina har 15 samanhengande år med særs god mjølk, og for å ta imot mjølkespann har ein levert særs god mjølk i 25 år samanhengande.Mjølkespann er nytt av året.

Mange krav må innfriast

Det er ei rekkje krav til kvaliteten av mjølka for at ho vert klassifisert som elitemjølk.

Celletal, bakterieinnhald, sporeinnhald, syretal og frysepunkt vert kontrollert fleire gonger i månaden, og mjølka vert kontrollert for innhald av medisinrestar ved kvar einaste mjølkehenting.

Styreleiar i Tine, Trond Reierstad seier det slik:

– Å levere elitemjølk over lang tid krev både fagkunnskap og gode rutinar i gardsdrifta. Mjølkeprodusentane blir meir og meir bevisste over kva god mjølkekvalitet betyr, og dei gjer ein stor innsats. God kvalitet på mjølka vi får inn til meieria våre er avgjerande for kvaliteten på produkta. Difor premierer Tine mjølkeprodusentane for å levere god mjølk.

Eid og Bremanger:

5 års: Per Helge Isene, Roald Remme, Vidar Haugland.

10 års: Cecilie Bjørlo og Bård Arne Tvedt, Jon Kjell Leivdal,

Knut Tore Nes Hjelle, Roar Inge Kjørstad, Anders Alsaker

20 års: Gustav Orheim, Helge M. Navelsaker, Pål Amund Naustdal, Arve Årskog, Leif Reksten.

Mjølkespann: Ragna Orheim Rafshol og Ole Martin Rafshol.

Hornindal & Stryn:

5 års: Elin A. og Arild Aabrekk

10 års: Arvid Kåre Sunde, Per Ivar Skåre

20 års: Arild Fure, Brit Brækhus og Wald Lyslo.

Sølvtine: Hans Sætren, Torhild og Anders Kirkeeide Kleppe, Kristen Magne Kleppe

Mjølkespann: Petra Ida Fosnes, Lars Henrik Skår og Alice Sørensen Skår, Sølvi Karin Nyberg Bergset og Kjell Ove Bergset.

Avlsdiplom og blomster vart delt ut til Mø samdrift for oksen 11875 Kopen frå Geno.

Gloppen:

5 års: Geir Thomas Myklebust,

Per Jarle Myklebust.

10 års: Ole Kristen Gimmestad,

Solfrid Utheim Rygg og Bjørn Rygg, Olav Magne Støyva, Liv Henny Frøyen og Eirik Alf Rygg

20 års: Johnny Frøystad

Hornindal & Stryn: Framme: Arild Aabrekk og Elin A. Aabrekk (5 år), Arvid Sunde (10 år), Per Ivar Skåre (10 år), Arild Fure (20 år), Wald Lyslo (20 år). Bak: Lars Henrik Skår og Alice Sørensen Skår (mjølkespann), Petra Fosnes (mjølkespann), Johan Øvreeide Godø og Torill Midtkandal (Avlsdiplom frå Geno), Anders Kirkeeide Kleppe og Torhild Kleppe (sølvtine), Kjell Ove Bergset (mjølkespann). Desse var ikkje med på biletet: Hans Sætren (sølvtine) og Kristen Magne Kleppe (sølvtine). Foto: petra Heien/TINE Foto: Petra Heien/TINE
Gloppen: Frå venstre: Elisabet I Hokstad frå styret, Per Jarle Myklebust (5 år), Geir Thomas Myklebust (5 år), Johnny Frøystad (20 år), Olav Magne Støyva (10 år), Ole Kristen Gimmestad (10 år) og Solfrid Utheim Rygg (10 år). Desse var ikkje med på biletet: Liv Henny Frøyen og Eirik Alf Rygg (10 år). Foto: Petra Heien/TINE