Folkekjære Eva Weel Skram, framoverstormande SJUR, talentfulle SOFIA og MGPjr-vinnar Oselie spelar på Malakoff18.

–For oss er det viktig og rett å prioritere å booke artistar frå fylket som leverer på høgt nivå i sine sjangrar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Eva Weel Skram

Fantastiske og folkekjære Eva Weel Skram tek med seg feiande flott ny musikk og ein sekk full av suksess til Malakoff18. Eva og mannen Thomas blir å finne på Malakoffscena på laurdag. Dette blir laurdagens store familiekonsert. For deg som synst verda treng nydeleg og engasjerande nynorsk musikk. Du kan forvente deg ekte, nær og uhyre fin popmusikk frå ein av landets absolutt beste. Hits: Berre la meg vær, Hold meg, Selmas sang, pluss mange fleire av Eva & The Heartmaker-hits

Sjur

SJUR har oppnådd stor internasjonal merksemd med sine offisielle remixar for mellom anna Pitbull, Seeb og James Arthur. Glopparen er i dag ein av dei mest spennande nykomarane frå Noreg, og no kjem topplistekongen til Malakoff! For deg som vil danse deg ned i solnedgangen til topplistehits som Let Me Love You, som har utrulege 75 millionar streams.

Du kan forvente deg heite remixar og eigen musikk frå ei internasjonal up-and-coming-stjerne frå Sandane! Hits: Let Me Love You, What Do I Do, Lovesick

Sofia

Sjå opp for SOFIA! Syttenåringen frå Sandane har merka seg med sin klare og særeigne vokal, og er trass ung alder på full fart opp og ut i verda. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponere av Sofia Hyttedal, og vi gler oss stort til å få oppleve henne på Malakoff! She’s going places!

For deg som set pris på ekstremt talentfull ungdom, er sjansen stor for at du dagleg har høyrt den herlege stemma på Coucheron-låta «Loud» på P3. Du kan forvente deg frysningar og total beundring! SOFIA leverer kraftfull vokal og eigenprodusert musikk av ypperste internasjonale klasse. Hits: Loud, My Friend, Meadow in the Sun

Oselie

Det vert superfint for både store og små når Oselie, vinnaren av MGPjr 2017, kjem på Malakoffscena denne sommaren. Det er andre året på rad at vinnaren i MGP-junior kjem frå Nordfjordeid, og vi lovar stolt stemning når den lokale jenta Oselie står på scena.

For deg som kunne tenkt deg litt vaskeekte MGP-stemning i sola. Kan det bli betre? Du kan forvente deg topp stemning og allsong frå ei heil bygd som jublar/gaular i kor.

Hits: Verda vår

Dermed er GHOST, WOLFMOTHER, THÅSTRÖM, GLUECIFER, UNGE FERRARI, GÅTE, KJARTAN LAURITZEN, EVA WEEL SKRAM, SLØTFACE, SIDE BROK & SIRKEL SAG, THULSA DOOM, I AM K, SJUR, OSELIE og SOFIA klare til Malakoff18. Fleire artistar vert offentleggjort utover.

Malakoff18 vert arrangert 19-21. juli på Nordfjordeid.

Fantastiske og folkekjære Eva Weel Skram tek med seg feiande flott ny musikk og ein sekk full av suksess til Malakoff18.
Sjå opp for SOFIA! Syttenåringen frå Sandane har bemerka seg med sin klare og særeigne vokal, og er trass ung alder på full fart opp og ut i verda.
SJUR har oppnådd stor internasjonal merksemd med sine offisielle remixar for mellom anna Pitbull, Seeb og James Arthur.