– Det bør i komande planperiode vektleggast i større grad dei store skadane hjorten gjer på dyrka mark i heile kommunen. Vi har eit aktivt og framoverlent landbruksmiljø i Eid og det skapar store problem og kostnader for bonden med reduserte avlingar grunna skadebeiting av hjort. Det er og eit stort problem at hjort øydelegg rundballar som ligg lagra rundt på markene, skriv Knut Tore Nes Hjelle i ein uttale frå Eid bondelag til rullering av hjorteforvaltningsplan for Eid kommune

Bondelaget meiner at den einaste måten å redusere desse skadane på, er å auke nedskytinga av hjort. Dei tek til orde for at det også bør leggast inn i planen at hjort på innmark vert prioriterte i jakta.

Andre tiltak som er aktuelle er å gje fleire skadefellingsløyve på dei aktuelle dyra som går på innmark.

Eit anna tiltak kan vere å gje støtte til inngjerding av rundballar.