Eit par gongar i månaden vert ein ny Utavskåpet-kunstnar presentert i Det kreative rom på Amfi Nordfjord. Ein ynskjer med dette å synleggjere mangfaldet i kreativitet og skaparglede. Det er mange som syslar på med kunstnarlege aktivitetar utan at omverda får sjå kva dei har å by på. Gjengen bak Det kreative rom utfordrar kreative sjeler til å kome ut av skåpet med kunsten sin ved å stille den ut.

Hektisk kvardag

Oda Brendehaug er ein av dei som vi verkeleg har måtta lirke ut av skåpet. Håpet no er at ho skal kome i gong att med å måle sjølv om kvardagen allereie er fullbooka av gjeremål.

Oda er opphavleg frå Hopland, men har i dei siste 20 åra budd på Hjelle. Ho er utdanna aktivitør og gjekk på lina for teikning, form og farge på Jølster vidaregåande skule.

Sidan 2001 har ho vore fast tilsett i psykiatritenesta. Gjennom jobben som aktivitør har ho i lag med brukarane fått utfalde seg på lerretet. Bileta som ho no viser fram er frå tida då måling var ein populær aktivitet på dagtilbodet i psykiatritenesta.

Kreativ utfalding

– Eg likar mange former for kreativ utfalding og eg vier meg til ei kvar tid til det som gjev meg mest glede. seier Oda.

Ny design av gamle ting, strikking og eksperimentering med mat og drikke er døme på hobbyar som har oppteke ho mest dei siste åra.

Grovare uttrykk

Bileta hennar har endra seg med åra. Uttrykket er blitt grovare og penselen breiare. No likar ho best å utfalde seg på store flater.

– Når eg målar brukar eg helst akrylmåling framføre olje, seier Oda.

– Fordelen med akryl er at det tørkar fort og ein kan måle over med ein gong om ein ikkje er nøgd med noko, seier ho og legg til at ho er ei utolmodig sjel.

– Eg likar best å måle natur med himmel, hav og store steinar, fortel Oda og viser fram det biletet ho er mest nøgd med sjølv.

– Nest best likar eg å måle abstrakt. Då eksperimenterer eg gjerne med ymse materiale i bileta. seier ho.

Bileta som no er utstilt i Det kreative rom er måla i tidsrommet 2003–2008.

Natur: HImmel, hav og store steinar går igjen. Foto: Privat