På merkesteinen aust for Naustdalssetra står at det er 26 mil frå Bergen. Den vitnar om at vegen over Brekka var ei hovudåre i ferdsla på Vestlandet for over hundre år sidan.

I Fjordabladet 26.6.1982 kan ein lese om vegen over Brekka. Det hadde vore gjort hærverk på steinbruer på denne vegen. Fjordabladet skreiv i sin leiar om dette:

Det er trist å sjå at folk kan få seg til å stele steinar frå dei gamle steinbruene. Det kan ikkje vere stor skjønsemnd for tradisjonar for dei som gjer seg så små at dei må plukke vekk heller frå slike plassar. Vegbygging i 1845 er ikkje det same som i 1982. Vegen er av historisk interesse, og steinbruene over elvane er uvurderlege for denne heilskapen. Det same er i høg grad dei mange krappe bakketoppane. Vegen fungerer i dag som ein triveleg sommarveg mellom to dalfører, der tilhøva i seg sjølv burde regulere trafikktryggleiken.

Turveg

I september 2017 er vegen godt vedlikehalde, og er ein mykje nytta turveg. Som på mange andre vegar er attgroing eit aukande problem. Skogen veks heilt inn på vegkantane, og her ville det vere på plass med skogrydding, gjerne på dugnad. På dagar med fint turver, er det svært vanskeleg å finne parkeringsplass for ei rast ved denne vakre vegen. Som vi ser på bilda frå Ljøsurbrua blir vegetasjonen etter kvart dominerande. I Hjelmelandsdalen er der merka mange turstiar. Frå Ljøsurbrua er det fint utgangspunkt for turar i terrenget.

Merkestein: På merkesteinen aust for Naustdalssetra står at det er 256 mil frå Bergen. Den vitnar om at vegen over Brekka var ei hovudåre i ferdsla på Vestlandet for over hundre år sidan.
Turløyper: I Hjelmelandsdalen er der merka mange turstiar. Foto: Sigmund Naustdal