Det seier Marius Hagen, som inviterer fotballspelarar frå 11 til 19 år, og som vil bli gode til «Elitedag» i påska.

– Vi har lagt «elitedagen», som vi like godt kunne kalla ein utviklingsdag, til langfredag, slik at dette tilbodet ikkje skal kollidere med treningskampar og/eller fellestreningar til dei respektive laga til dei som vel å melde seg på dagssamlinga.

Kunnskap er viktig

Marius har ni år bak seg som profesjonell fotballspelar. No spelar han på sentral midtbane for Ulsteinvik si fotballstoltheim Hødd. I karrieren har han så langt spelt for Eid, Stryn, Kristiansund BK, HamKam, Husqvarna FF i den svenske superettan, for å nemne nokre lag som har hatt gleda av å ha teknikaren frå Eid i sine rekkjer. Ein av grunnane til at Marius har nådd så langt som han har gjort, er mykje eigentrening i tillegg til fellesøkter. I tillegg til å vere profesjonell fotballspelar, er Marius masterstudent i idrett.

– Skal du ha utbytte av eigentreninga, så bør ein ha påfyll av kunnskap, slik at ein veit kva ein får kvalitet i eigentreninga. Det er dette vi har tenkt å hjelpe til med til dei som melder seg på «elitedagen». For at deltakarane skal få best mogleg utbytte av dagen, så har eg vore heldig å få med meg eit godt knippe dyktige instruktørar, seier Marius og nemner Dagmund Evebø, tidlegare toppspelarutviklar i Ålesund FK, Bjørn Totland, tidlegare suksessfull Eid trenar, og som no er trenar for Førde sitt a-lag, Rafa Roldan Bermudez, fysisk trenar for Hødd sitt A-lag. Tom Mallins, spelarutviklar i Hødd, og Ole Morten Alme, keeper i Hødd.

Mange pedagogar

– Sistnemnde skal ha ansvar for keeperane på elitedagen. I tillegg til å vere keeper på Hødd, studerer Alme idrett ved Høgskulen i Volda. Det er mykje kunnskap blant instruktørane. Rafa har master i «Physical coaching in fotball and injurie prevention and recovery». Tom Mallins var «physical education teacher i London, og spelte semi profesjonell fotball før han drog til Norge. Han er ansvarleg for Hødd G16, Team Søre. Dagmund Evebø er i dag trenar for Volda sitt A-lag. Med andre ord så er det mange pedagogar eg har fått med meg som instruktørar, seier Marius.

Frå 11 til 19 år

– Kva aldersgruppe er det du rettar tilbodet inn mot?

– Tilbodet denne gong er retta inn mot fotballspelarar frå 11 til 19 år. Vi legg opp til to grupper. Ei for dei mellom 11 og 14 år, og ei for dei mellom 15 til 19 år. Vi legg «elitedagen» opp med foredrag, som er tilpassa den aldersgruppa dei høyrer til. Elles vert det lagt opp to treningsøkter, der det vil vere ein instruktør per fire spelarar, seier Marius legg til at foredraga vil ta opp tema som kosthald, trening og motivasjon.

Utviklingsdag

– Du er ikkje redd for at å kalle det «Elitedag» kan «skremme» bort aktuelle deltakarar?

– Vi kunne gjerne kalla det utviklingsdag, for det er utvik-

ling som er målet. Skal du bli betre uansett på kva du held på med må du vere motivert. For å bli motivert må du i følgje forsking tilfredstille tre psykologiske behov. Det er behovet for å høyre til, at du blir sett pris på, respektert og er ein del av et miljø du liker, kompetanse, at du føler du utviklar deg, meistrar det du driv med og autonomi, at du gjer noko du liker, at du sjølv vel at du gjer det. Eg jobbar alltid med spelarar etter dei behova, og det skal eg gjere på elitedagen også, seier Marius som ser på moglegheita for å utvide tal deltakarar, utan at det skal gå ut over kvaliteten.

–Eg har fleire instruktørar til rådvelde. Uansett så er eg stolt av at det blei fullbooka på 29 timer.