Det vert satsa friskt i Ålfoten for å gjere bygda meir attraktiv for innflyttarar og trivelegare for ålfotarane sjølve. Eit energisk grendautval med leiaren, Frode Vik, i spissen, har ei stund jobba med dette og har fått i stand fleire promoteringstiltak for å få folk til å flytte dit. Det har og vore viktig å få fram endå tydlegare kva denne idylliske nordfjordbygda har å by på.

Stabilt folketal

Siste statistikken frå SSB viser at Ålfoten det siste tiåret har greidd å halde folketalet stabilt på om lag 190 innbyggjarar. I skulen, 1 – 7, er det om lag 25 elevar som vert underviste av fem lærarar og i barnehagen 14 barn og eit godt kvalifisert personale. Eldre som ikkje lenger kan bu heime kan få plass på Davik Eldretun eller på sjukeheimen i Svelgen.

Ålfotvideo på Facebook

Frequency AS og brørne Geir Arne og Trygve Johan Solheim har laga ein video på vel fire minutt for å skape meir merksemd om Ålfoten; Ålfoten – familieparadiset, der dei viser alt Ålfoten har å by på.

På Facebook har videoen alt hatt over 17000 visingar. Ålfotsangen av Marta Myklebust vert resitert av ulike deltakarar i filmen.

Tomter og arbeidsplassar

Bygda har eit tomtefelt aust i bygda med ledige tomter. Men Frode Vik skulle ynskje at kommunen ville leggje ut eit nytt tomtefelt, på eit veleigna område mot Myklebust.

Største arbeidsplassen er Åskora med om lag 20 arbeidsplassar. I skulen, barnehagen og butikken er det ein 8–10 arbeidsplassar, og tre driftige bønder har deltidsarbeid i eit heilt nytt samdriftsfjøs.

Elles er det ikkje så mange arbeidsplassar i bygda, men Svelgen kan nåast på under halvtimen og Nordfjordeid på godt under ein time. Såleis er det ikkje noko problem å bu i Ålfoten for å nå i ein større arbeidsmarknad.

Utlendingar i bygda

Tre tyske familiar og ein nederlandsk har slege seg ned i Ålfoten. Dei trivst godt og er godt mottekne i bygda. Jan Hutter og kona Martina Rudat er eit tysk ektepar som tilfeldigvis kom forbi Ålfoten og likte seg så god at dei slo seg ned for godt. No har dei budd her i seks år.

Hutter har jobb på Elkem i Svelgen, og er aktiv i styret i Ålfoten Grendautval. Martina Rudat arbeider som sjukepleiar på Nordfjordeid.

Trivselsbygda Ålfoten

Grendautvalet har i samarbeid med Bygdekinoen, fått i gang kinoframsyningar ein gong i månaden. Barn har og kinotilbod. I samband med kinoframsyningane er det enkel servering av både mat og drikke.

At dette er populært og etterlengta, viser den store oppslutnaden om arrangementet.

Ålfotmarknaden vert arrangert på sommartid ein gong i året med fiskekonkurransar, leikar, hesteskokasting med meir. Populært er det også når grendautvalet arrangerer pubkveld med quiz ein gong i året.

Jaktfesten etter hjortejakta, som vert skipa til av nokre jaktlag, er og noko mange ser fram til.

Aktivt skyttarlag og idrettslag

Skyttarlaget har sitt årlege skyttarstemne, noko som har blitt ein tradisjon gjennom fleire tiår. Det er stor oppslutning om idrettslaget som no på vinterstid arrangerer skirenn med meir. Om sommaren har dei og arrangement.

– Kva vil de spesielt framheve med Ålfoten?

Jan Hütter:

– Den flotte naturen frå fjære til fjell

– Varierte jobbar i pendlaravstand

– Lett å bli inkluderte i bygda

Frode Vik:

– Butikk, skule og barnehage

– Topp muligheiter for jakt, fiske og friluftsliv

– Eit aktivt idrettslag og eit levande musikkmiljø

Deira samstemde oppfordring er:

– Kom til Ålfoten og lev det gode liv!

KAFFI- OG LESEKROK: Tilsette på Joker Mandy Bakker, dagleg leiar t.v. og Henny Hansen, ivrig korpsmusikar og lokalpolitikar. FOTO: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes
ÅLFOTTUNET: Skule, barnehage og samfunnshus. Bygdas pedagogiske og sosiale kraftsenter. FOTO: FREQUENCY AS Foto: frequency
VINTERSTEMNING: Ålfotbygda sett frå aust med Sigdestadnakken i bakgrunnen. Foto: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes
SOLHEIMBRØRNE: I tillegg til mange andre oppdrag er Geir Arne og Trygve Johan opptekne av å promotere heimbygda. FOTO: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes
ELDSJELER: Frode Vik t.v. og Jan Hütter er to av eldsjelene i grendautvalet. FOTO: POL Foto: Per Ole Lefdalsnes