I løpet av våren vert Hornindalsvatnet ny hovudvasskjelde for Nordfjordeid og omland. Prosjektleiar Einar Hessevik fortel at dei er bra i rute. Han har førebels ikkje nokon eksakt dato å kome med, men reknar med at anlegget er klart til bruk i løpet av april. Reinseanlegget skal vere ferdig 16. mars. Deretter blir det ein liten testperiode, før ein køyrer i gang med ein prøveperiode som skal vare i tre månader.