Johanna Reksten, som kjem frå Lote i Eid kommune, gjennomfører no sitt tredje skuleår på Noregs Toppidrettsgymnas i Kongsvinger. Her kombinerer ho vidaregåande skulegang med toppidrettssatsing på rifleskyting. På Kongsvinger satsast det svært mykje på dei olympiske disiplinane innanfor skyting, 10 meter luftrifle og 50 meter finkaliber, og det er på desse disiplinane at skyttaren frå Nordbygda og Rand skyttarlag har hatt stor utvikling i vinter.

Solid utvikling

– Johanna er treningsvillig, og har hatt ei solid utvikling i vinter. Dei olympiske disiplinane er lange og krev svært mykje trening, både teknisk og fysisk over tid, for å bli stabilt god. Johanna er spesielt flink på den fysiske biten, noko som har smitta over på poengsummane hennar, seier skytetrenar på NTG Kongsvinger, Øyvind Sirevaag.

– Med rett fokus og meir trening framover, så er ho kapabel til å nå fleire av sine mål.

Mykje mengdetrening

Og målsettingane til 18-åringen er krystallklare.

– Eg er veldig glad i å skyte DFS, disiplinar som er på Landsskyttarstemnet, men no satsar eg mest på internasjonale disiplinar, fordi det er der eg legg ned mest trening. På Kongsvinger trenar vi om lag to økter om dagen. Med ei slik mengde i over eit år, så har resultata mine no blitt betrakteleg betre i vinter. Mine langsiktige mål er å bli utteken til EM, VM og OL. Allereie no i 2018, ser eg på det som realistisk å bli utteken til junior-VM i september, seier Reksten.

Internasjonalt gjennombrot

Reksten har skote ei rekke personlege rekordar i vinter, og har kvalifisert seg til tre internasjonale finalar. I danske Gundsølille Open, mot den

nordiske junioreliten blei det ein 6.-plass og ein 4.-plass, i 10 meter luftrifle 60 skot ståande. I den nederlandske konkurransen ”Intershoot Den Haag”, tok ho sin første internasjonale medalje etter å ha skote til bronse, også der på 10 meter luftrifle.

– Bronsemedaljen i Nederland var min første internasjonale medalje, så det var gøy. Samtidig, så syns eg skytinga mi var litt varierande. Det kjem av litt nervar, spesielt i finalen. Men eg tek med meg ei god kjensle.

Sør-Korea

VM arrangerast i Sør-Korea, om lag tre veker etter Landsskyttarstemnet. Her har Reksten moglegheiter for å kvalifisere seg til både 10 meter luftrifle, 50 meter halvmatch og 50 meter 60 skot liggande.

– Eg har nok best sjansar på 50 meter finkaliber, både halvmatch og 60 skott liggande, men eg skyt også mykje stemner på 10 meter luftrifle, fordi det er ekstremt god ståandetrening, seier 18-åringen.