Les meir om utdanning her

Til hausten vil Måløy vidaregåande tilby programfaget Vg2 Plast og kompositt. Frå før er det berre Kongsberg vidaregåande skule som har tilbodet innan komposittfaget her i landet. Skulen i Måløy planlegg seks studieplassar til hausten, og næringslivet i Nordfjord har vore med på å få dette tilbodet på plass.

–Vi har i dag mange bedrifter som etterspør kvalifisert arbeidskraft innan faget plast- og kompositt. Fram til no er det bransjen sjølve som har stått for opplæringa i bedriftene. Men eit utdanningstilbod innan dette fagfeltet har kome på plass etter ønskje frå bedriftene, seier avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule, Alf Reidar Myrstad.

Herda plast

Kva er så plast- og kompositt? Det er ei felles nemning for plas t som er blitt forsterka av fiber. Det kan vere glasfiber eller karbon, og materialet kan brukast i båtar, bilar, fly, elektronikk og sportsutstyr. Det er mange ulike typar kompositt, ulik grad av styrke, avhengig av kva det skal brukast til. På Konsberg blir kompositt brukt i flyindustiren, og inneheld ei blanding av karbon og plast. Rettar ein seg mot båtindustrien er det ofte plast og glasfiber det er snakk om. Plast som er armert med glasfiber kan få ein styrkegrad som gjer det mulig å bruke i større fiskebåtar til dømes. Eit lettare materiale med gode brukseigenskapar gjer plastkompositt til ein sterk konkurrent til stål. Der ein tidlegare brukte stål i til dømes båtar, blir dette no meir og meir erstatta med plastkompositt.

Støype modellar

Utdanninga i Måløy blir lagt opp med praktisk arbeid. Det blir dataprogramering, 3D-print som skal overførast til ein tredimensjonal modell. Det handlar både om å støype plasmodellar, og frese ut formene som skal brukast. Og laging av plastkompositt ved hjelp av flytande plast og glasfiber til dømes. I dag er bransjen innan plast- og kompositt også i støypeskeia, og utvikling av produkta til stadig betre kvalitet vil ikkje minst stå sentralt i utdanninga. Og etter utdanning vil truleg næringslivet stå med opne dører. Behovet for kvalifiserte fagfolk innan komposittfaget er stort.

Bedrifter i Nordfjord

I Nordfjord er det mange bedrifter som nyttar kompositt i sin produksjon, og som etterspør meir arbeidskraft. Det er til dømes båtbyggjarane Brødrene Aa i Hyen, Strukturplast på Sandane, Easy Form i Måløy, Sagaboats i Selje, Stadpipe på Stadlandet og Måløy verft.

Kva kan du bli?

Utdanningsløpet innan Plast og kompositt er først Vg 1 Teknikk og industriell produksjon, Vg2 Plast og kompositt og Vg 3 opplæring i bedrift. Når ein kjem til Vg 3 kan ein velje mellom fire ulike retningar innan faget, opplæring i bedrift:

1. Plastmekanikar

Plastmekanikarfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan handverksmessig og maskinell bearbeiding av plastmateriale.

2. Fagarbeidar polymerkompositt

Polymerkomposittfaget dekkjer stadig fleire område gjennom produksjon av komposittar til båtar, bildeler, strukturar til fly og romfart, kraftindustri og primærnæringar.

3.Fagoperatør produksjonsteknikar

Produksjonsteknikkfaget skal leggje grunnlag for yrkesutøving innan prosess-, metallurgi- og vareproduksjonsbedrifter.

4. Fagoperatør i termoplast

Termoplastfaget skal leggje grunnlag for bearbeiding av termoplast ut frå halvfabrikata.

Inger Træen

herda plast: Glasfiber er sentralt i herding av plast, og framstilling av plastkompositt. No går Måløy vidaregåande i front med kunnskapsutvikling innan dette nye faget.
maritimt: Måløy vidaregåande er fylkesdekkande innan akvakultur. No blir dei også landsdekkande innan Plast og kompositt med glasfiber som armering.
samarbeid med næringslivet: Skulen i Vågsøy avspeglar næringlivet i ytre Nordfjord, og industrien er ein viktig medspelar når det gjeld å få på plass relevante utdanningstilbod.