Les meir om utdanning her

–Å trykke på knappen gjev ein veldig god følelse. Du får eit skikkeleg adrenalinkick!

Ansiktet til Sander Lefdal lyser opp i eit stort smil. Knappen han snakkar om er den som utløyser dunder og brak og gjer at sprengstoff får fast fjell til å bli til steinblokker og småstein.

16-åringen frå Mogrenda i Eid har allereie bestemt seg for å bli anleggsmaskinsjåfør og skytebas. Draumen er å ein gong starte sitt eige sprengingsfirma.

Midt i blinken

Sander Lefdal var aldri i tvil om at han skulle velje Vg1 Bygg- og anleggsteknikk etter ungdomsskulen. Det ligg i familien å jobbe med stein og store maskiner. Faren køyrer lastebil og bestefaren dreiv i Norsand. For ungguten med ambisjonar innan anleggsbransjen er Stryn vidaregåande skule sitt tilbod om 1+3 midt i blinken. Først går han eitt år med teori og så tre år som lærling; i kombinasjon med teoriperiodar på skulen.

Praktisk læring

Nyleg var Sander ute i praksisveke hos Volda Maskin AS. Der treivst han som fisken i vatnet, og han gler seg til hausten med mykje praktisk læring.

– Å sitje på kontor framfor ein pc, er ikkje noko for meg. Eg liker å vere i aktivitet. Det er kjekt å kunne jobbe ute. Med 1+3 får du vere meir ute og lære i praksis korleis ting fungerer i staden for å sitje inne på skulebenken og høyre om det og sjå på bilete. Du lærer betre ved å vere ute i arbeid, og du får meir følelse av kva du går til med den utdanninga du tek. Med ei god blanding av å vere ute i arbeid og periodar inne med teori, blir du ikkje så lett skulelei. Det er lettare å motivere seg, når ein har noko å glede seg til, seier Sander. Han trivst godt på skulen i Stryn, og tykkjer det går heilt fint å dagpendle tre kvarter med buss. 16-åringen likte godt overgangen frå ungdomsskulen til yrkesfag der han får gjere meir av det som han liker best og får vise kva han kan. Her har han kompisar som er interessert i det same, og veit kva det går ut på.

Får praktisk erfaring

Augene til Sander Lefdal lyser som stjerner når han ser utover anleggsområdet i masseuttaket som Volda Maskin har på Naustdal i Eid. Her er det gravemaskiner, lastebilar og ein nesten ny diger hjullastar som brummar og går.

Høgt oppe i skråninga driv skytebas Per Ove Løset på med å førebu neste salve. Han har bora hol i fjellet og fylt på med sprengstoff. Løset har lang erfaring og er ein som Sander ser opp til som eit førebilete. Ein ting er teori, du må kunne å rekne og berekne nøyaktig, men i tillegg er praktisk erfaring gull verd i denne bransjen.

Løset er glad for utsiktene til rekruttering og deler meir enn gjerne kunnskapen sin med den unge guten. Sprengstoff får Sander ikkje styre med førebels, men med sele og sikring på, får han hjelpe til.

Får prøve seg

– Kom og sett deg her, inviterer bas Frode Naustdal, og praksis-eleven er ikkje tung å be. Inne i den spildrande nye gravemaskina er det ikkje mindre enn seks ulike skjermar som gjev informasjon om posisjonar og alt som er. Sander får prøve seg litt bak spakane, og maskina gjer det ho får beskjed om. Det er sterke krefter i sving, og det er viktig at alt går rett føre seg.

– HMS skal vere i høgsetet. Heile tida. Alltid HMS først, understrekar Sander.

TEORI OG PRAKSIS: Lærlingplass allereie etter eitt år er midt i blinken for Sander Lefdal, som går første året på Bygg- og anleggsteknikk på Stryn vidaregåande skule. Foto: Anna Wuttudal
DATASTYRT: Inne i ei gravemaskin er det mange dataskjermar som sjåføren må passe på. Det er avansert teknologi, der du mellom anna kan vege lasta etter kvart som du lesser på. Foto: Anna Wuttudal
SPRENGING AV FJELL: Skytebas Per Ove Løset er i ferd med å førebu neste salve. Han har lang erfaring og er eit førebilete for ungguten frå Mogrenda i Eid. Foto: Anna Wuttudal