Ferjeavløying er særs viktige for å sikre busetnad, utvikle næringslivet og å hente ut miljømessige gevinstar frå reduserte utslepp frå ferjedrifta.

Venstre har vore ein pådrivar for å få ferjeavløysings-ordninga på plass for å realisere fleire slike prosjekt.

Venstre meiner ordninga enno ikkje er så god som ho bør vere for å få realisert fleire gode ferjeavløysingsprosjekt. I dag kan mellom anna ikkje renteutgifter til lån for nye bruer eller tunnelar som erstattar ferje bli dekt av ordninga.

Venstre meiner staten må vere med å ta ein større del av totalkostnaden ved ferjeavløysingsprosjekt, til dømes ved at også rentekostnader blir ein del av ordninga. Bompengeinntekter må også kunne nyttast som del av ei samla finansiering av heile prosjektet.

Sogn og Fjordane Venstre vil nytte samarbeidet med regjeringa for å realisere ei slik forbetring av ferjeavløysingsordn inga raskast mogleg.