Fylkesmannen melder om at god budsjettdisiplin og god økonomistyring har gjeve eit overskot på 44,5 millionar kroner. Dette er noko over gjennomsnittet dei fire siste åra.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat vert nytta som indikator på kor godt resultat ein fylkeskommune/kommune har. For fylkeskommunar er det no tilrådd å ha eit netto driftsresultat på minst 4 prosent av samla driftsinntekter. Netto driftsresultat 2017 for Sogn og Fjordane fylkeskommune er på 333,6 millionar kroner, noko som utgjer 10,4 prosent av samla driftsinntekter. Tilsvarande tal i 2016 var på 214,9 millionar kroner, dvs. 6,8 prosent. Den høvesvise sterke auken i netto driftsresultat i hovudsak skuldast to forhold; Meirinntekter på rente/utbytte med om lag 62 millionar kroner og mindreutgifter på avdrag med om lag 52 millionar kroner.

Skal ha budsjettdekning

I dei styrbare løyvingane, der fylkeskommunen i stor grad har kontroll på sluttresultatet. har fylkeskommunen som prinsipp at vi skal ha budsjettdekning for dei tenestene dei yter.

Med sterkt søkjelys på budsjettdisiplin, vert difor ikkje alle budsjettpostar nytta fullt ut; ein styrer så nær opp til 100 prosent som råd. Dette gjev innsparingar på ein god del postar, og dette den viktigaste forklaringa på at ein kjem ut med ei netto innsparing på 24,8 millionar kroner på sektornivå i 2017.

Fellesinntektene og -utgiftene er i stor grad «ikkje styrbare» løyvingar. Samla fekk ein i 2017 ei netto meirinntekt/innsparing her på 19,7 millionar kroner.

Skatt og rammetilskot er hovudinntektskjeldene og utgjorde nær 2,4 mrd. kr i 2017. På desse to inntektspostane fekk ein ei meirinntekt på om lag 6,7 mill. kr (0,28 prosent). Vidare har ein meirinntekter knytt til:

• Premieavvik, pensjon etc. på 7 mill. kr

• Konsesjonskraft og renter på 6 mill. kr

Sektornivået

Sektornivået i fylkeskommunen har ei netto utgiftsramme på vel 2,2 mrd. kr. Med eit mindreforbruk på 24,8 mill. kr har sektorane, sett under eitt, ei budsjettgjennomføring på om lag 99,1 prosent. Det meiner fylkesrådmannen er svært bra.

Forvaltning står for netto 8,0 mill. kr av denne innsparinga. Dei største postane med mindreforbruk er politisk styring/kontrollutval (1,3 mill. kr), administrasjon og administrasjonslokale (4 mill. kr) og lokal og regional utvikling (1,2 mill. kr).

Opplæringsektoren har eit samla mindreforbruk på 13 mill. kr i 2017. Dei største postane med mindreforbruk er vedlikehald og drift av skulebygg (4,7 mill. kr), pedagogiske fellesutgifter (2,6 mill. kr) og tilpassa opplæring (4,8 mill. kr). Den største posten med meirforbruk er fellesutgifter og støttefunksjonar (-1,1 mill. kr).

Dei vidaregåande skulane og Fagskulen i Sogn og Fjordane har eit samla mindreforbruk på ordinær drift på om lag 7,2 mill. kr i høve budsjett for 2017. Skulane har resultatoverføring (til 2018), og innsparinga påverkar såleis ikkje det samla rekneskapsresultatet.

Tannhelse har ei innsparing på 1,9 mill. kr. Også denne sektoren har resultatoverføring (til 2018), og innsparinga påverkar såleis ikkje samla rekneskapsresultat.

Næring og kultur har samla eit netto mindreforbruk på 2,0 mill. kr. Av dette ligg 1,3 mill. kr innan kultur.

Samferdsle har eit samla netto mindreforbruk på 1,8 mill. kr. Dei største postane med mindreforbruk er båtruter (2,3 mill. kr), fylkesvegar, miljø og trafikktryggingstiltak (1,1 mill. kr) og fylkesvegferjer (1,0 mill.kr). Den største posten med meirforbruk er bilruter (-2,6 mill. kr).

Fylkesveg – drift og vedlikehald – har eit meirforbruk på 9,5 mill. kr, som vert dekka av tidlegare overførte midlar. Dette påverkar ikkje rekneskapsresultatet.

Oppsummerert  er fylkesrådmannen samla sett godt nøgd med både det høge netto driftsresultat på 333,6 mill. kr og driftsoverskotet  på 44,5 mill. kr for 2017.