– Tida går fort, meiner ho. Helset synest bussen er ein grei måte å reise på til Oslo.

– Det er sytalaust. Då kan ein både slappe av, lese og strikke undervegs, smiler ho.

2,4 mill. passasjerar

Sidan februar 1988 har Nordfjordekspressen knytt Nordfjord og Ottadalen saman med det sentrale Austlandet. Det begynte med daglege avgangar frå Måløy og Oslo 19. februar for 30 år sidan.

– Det er køyrd mange millionar av kilometer, og rundt rekna 2,4 millionar passasjerar har vore innom dørene på Nordfjordekspressen sidan oppstarten i 1988. Dette viser at ekspressbussane har ei svært viktig rolle for folk på farten inn og ut av Sogn og Fjordane og Søre Sunnmøre, både for folk som bur i fylket, studentar som skal til og frå studiestadane sine og for turistar som skal besøke Nordvestlandet, summerer Svein-Arne Vik, marknadssjef i Nettbuss Travel AS.

Nyvinning

Nordfjordekspressen blei etablert i eit samarbeid mellom Nordfjord og Sunnmøre Billag og Ottadalen Kommunale Billag. Før denne tida så hadde desse to selskapa i samarbeid køyrd Måløy-Otta i korrespondanse med toget til Oslo sidan 1977.

Det var ei nyvinning i kollektivtrafikktilbodet at ein fekk konsesjon til å køyre parallelt med jernbanen heilt inn til Oslo. For kundane var det eit stort framsteg å sleppe og byte transportmiddel undervegs på reiser til hovudstaden.

– Det var ein revolusjon for oss då vi fekk løyve heilt til Oslo, og for dei reisande var det eit stort framsteg, fastslår Helge Naustdal som er stolt over Nordfjordekspressen.

Konsesjonstrøbbel

Det var vanskeleg å få konsesjon for gjennomgåande ekspressbuss der det var jernbane, Otta-Oslo, men restriksjonane for konsesjon blei gradvis redusert utover 90-talet og det blei oppheving av strenge konsesjonsvilkår i 2002.

Det starta med ein dagbuss. Seinare blei det oppstart av nattbuss i 1993 og ettermiddagsrute i 1997. Hovudflyplassen på Gardermoen opna i 1998, og det førte til ein god auke i talet på reisande. Oslo Lufthamn har sidan vore ein av dei viktigaste stoppestadane på ruta.

Endringar

– Samtidig som at økonomien tvinga til nedlegging av ettermiddagsruta ved nyttår i 2016, førte opninga av Kvivsvegen til nye moglegheiter. Det blei eit nærare samarbeid mellom nattrutene Måløy-Oslo og Ulsteinvik-Oslo, og det vart i tillegg etablert ei bussrute Ulsteinvik-Stryn i korrespondanse med dagbuss Måløy-Stryn-Oslo. Dette styrka den økonomiske situasjonen vesentleg, fortel Vik.

Ruta var ein del av Nor-Way Bussekspress frå 1988 til 2013 med kvite bussar med dei karakteristiske raude og blå stripene på sida.

Frå 1. mai 2013 blei det gjort store endringar gjennom ny merkevare med Nettbuss express og blålilla bussar. Det blei stort digitalt fokus, og i dag er over 80 prosent av alle billettar førehandsselde på internett, mobil eller hos agentar.

Lang reiseveg

Vetle Magnar Ravn Vedal frå Helgeland og Simen Tofte Saltnes frå Fauske var to av buss-passasjerane som hadde sikra seg plass i ein fullstappa Nordfjordekspress fredag.

– No skal vi heim på vinterferie, konstaterte dei to folkehøgskuleelevane som går vikinglinja på Nordfjordeid. Dei skulle med buss til Otta, og ta toget vidare nordover. Dei hadde høvesvis 18 og 20 timar reiseveg å sjå fram til før dei ville vere heime.

Måndag vart det ei symbolsk markering på alle bussane til Nordfjordekspressen.

Fullt: Nordfjordekspressen drog frå Nordfjordeid med fulle busseter fredag. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Vinterferie: – Det hadde vore håplaust å kome seg til og frå Eid utan buss, seier folkehøgskuleelevane vesle Magnar Ravn Vedal og Simen Tofte Saltnes. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes