Har du problem med å halde styr på kor mange medaljar dei norske idrettsutøvarane har fått i årets OL? Då er det berre å ta ein tur gjennom Eidsgata, så blir du oppdatert.

I vindauget til Vestitur heng alle medaljane i rett valør.

Det første dagleg leiar i Vestitur, Ingvill Henden gjer om morgonane no under OL er å oppdatere utstillinga.

Medaljane lagar ho av papp, som ho så spraymålar med gull, sølv og bronsefarge.

Måndag føremiddag talde samlinga heile 26 medaljar, 9 gull, 9 sølv og 8 bronse.

Vestitur sel den offisielle OL-genseren og har rabatt når gullet slår inn.