Ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet peikar på at mange lærar i grunnskulen i Sogn og Fjordane manglar nok studiepoeng til å vere kvalifisert for undervisning frå 1. august 2025.

Men ser ein på grunnskulelærarar i Eid kommune, ligg dei godt an i høve til resten av landet når det gjeld kompetanseheving etter Kunnskapsdepartementet sine retningslinjer, og vedtak i Stortinget.

Etter 2025 blir det  krav om at alle norsklærarar på barneskulen må ha minst 30 studiepoeng, og 60 studiepoeng på ungdomsskulen, for å undervise i faget. Det same gjeld for matematikk og engelsk.

Det er særleg i faget norsk at lærarane i Eid kommune ligg føre i løypa i høve til kompetanseheving. Berre ni prosent av dei som underviser i faget norsk i Eid manglar 30 studiepoeng, eller 60 studiepoeng på ungdomsskulen.

På landsbasis er det heile 26,5 prosent av norsklærarane som ikkje har 30 studiepoeng i faget.

Manglar meir i Selje

I Selje kommune er det heile 36 prosent av engelsklærarane som ikkje fyller kompetansekrava 2025. Dette er 14,2 prosent meir enn gjennomsnittet i Nordfjord. Selje har også mange matematikklærarar som treng kompetansepåfyll (29%), medan nitten prosent av norsklærarane ikkje fyller krava i Selje.

Bra i Nordfjord

Samla sett kjem Nordfjord best ut i fylket. Innan både norsk, matematikk og engelsk er det fleire lærarar med nok studiepoeng i høve til både Sogn og Sunnfjord.

Det er også i Sogn og Sunnfjord ein finn «verstingane» innan mangel på nok kompetanse.

Til dømes er det i Årdal heile 72 prosent av engelsklærarane som ikkje fyller kompetansekrava, og 69 prosent av matematikklærarane er i same situasjon.

Lærdal peikar seg også ut med få lærar som fyller kompetansekrava.

Engelsk, engelsklærarar som manglar 30 studiepoeng, eller 60 poeng på ungdomsskulen.

1. Selje 36%

2. Gloppen 32%

3. Bremanger 29%

4. Eid 25%

5. Stryn 18%

6. Vågsøy 13%

7. Hornindal 0%

Nordfjord 21,8%

Sogn og Fjordane 35%

Heile landet 37,5%

Norsk, norsklærarar som manglar 30 studiepoeng, eller 60 poeng på ungdomsskulen.

1. Gloppen 24%

2. Stryn 20%

3. Selje 19%

4. Bremanger 11%

5. Eid 9%

6. Vågsøy 5%

7. Hornindal 0%

Nordfjord 13%

Sogn og Fjordane 18%

Heile landet 26,5%

Matematikk, matematikklærar som manglar 30 studiepoeng, eller 60 poeng på ungdomsskulen.

1. Gloppen 32%

2. Selje 29%

3. Stryn 29%

4. Eid 23%

5. Vågsøy 20%

6. Bremanger 15%

7. Hornindal 0%

Nordfjord 21,4%

Sogn og Fjordane 29%

Heile landet 32,5%