Ho fekk ikkje tid til å høyre på føredraget som Alv Ottar Folkestad heldt på Felleskjøpet, men ho nytta høvet til å hamstre fugle fôr for 14 dagar. Det går med ei spann med reinsa solsikkefrø og ei spann med jordnøtter per veke.

Kristine er nyfrelst fuglefôrar, har blitt smitta av sin betre halvdel. Dei har mellom anna kjøtmeis, grønmeis, spettmeis, raudstrupe, to par dompapar, ein flaggspett, to ekorn og masse starar som faste gjestar på fôringsplassen i Åsen på Hauane.

På Felleskjøpet går det i løpet av vinteren ut pallevis av solsikkefrø og anna fuglemat, og Kristine er ein god kunde.