Senterpartiet om kraftressursane:

Seier nei til å gje frå seg sjølvråderetten

– No må vi slå ring om råderetten vi har over energiressursane her i fylket, seier Sigurd Reksnes.

Gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane, Sigurd Reksnes.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Gruppeleiar for Senterpartiet, Sigurd Reksnes, la på møte i Fylkesutvalet i dag fram forslag til fråsegn om å seie nei til innlemming av EU sin tredje energimarknadspakke i norsk lov (heile fråsegna kan du lese nedanfor). 

– Dette er ei særs viktig sak for Noreg. Dersom vi seier ja til EU sin energimarknad seier vi samtidig frå oss det meste av den nasjonale råderetten over energiressursane våre.  Dette er ei viktig sak for Senterpartiet og eg er glad for at Fylkesutvalet samrøystes slutta seg til denne saka, seier Reksnes.

– Eg vonar vi får til ei brei mobilisering mot innlemming i energimarknaden. Her må vi gje tydeleg beskjed til Regjeringa om at dette er eit dårleg forslag.  Eg har i dag oppmoda alle våre kommunestyregrupper om å ta opp denne saka i kommunestyra rundt i heile fylket og eg forventar at eit samla Sogn og Fjordane seier nei til deltaking i EU sin energimarknad. No må vi slå ring om råderetten vi har over energiressursane her i fylket, seier Sigurd Reksnes.

Fråsegna frå fylkesutvalet:

Fråsegn om innlemming av EU sin tredje energimarknadspakke i norsk lov.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune meiner at Noreg framleis skal ha full sjølvråderett og styring med kraftressursane, og vi ber Stortinget sørge for at dette vert gjeldande i framtida også.

Regjeringa har fremma 3 proposisjonar for Stortinget om innlemming av EU sin tredje marknadspakke for energi. EU vedtok dette lovverket i 2009.

Eit av dei mest kontroversielle tiltaka i lovverket er Noreg si deltaking i det europeiske energibyrået ACER. Det er regulatorane som sit i ACER, altså NVE frå Norge. NVE får delta i ACER, men får ikkje stemmerett. Reint formelt er det EFTA sitt overvakingsorgan ESA som skal bestemme om norsk implementering av ACER sine avgjerder. Det er likevel på det reine at dette vil være likelydande avgjerder som ACER tek. ESA er en del av EFTA-strukturen, og har som formål å sørge for at EØS-landa føl sine forpliktingar.

Ei sentralisering av avgjerder om energi over landegrenser, og at Noreg skal avgje suverenitet til EU sitt energibyrå ACER via overvakingsorganet ESA, er ei usikker retning for norsk energipolitikk. Medan dagens samarbeid er rådgjevande, skal ACER fatte bindande fleirtalsvedtak. Det er også høgst usikkert korleis dette vil påverke energiprisen og tilgang til energi. Sogn og Fjordane fylkeskommune meiner at regulatorisk mynde og styringsrett fortsatt må ligge hos NVE og Statnett.

Forslaget om ny reguleringsmyndighet for energi (RME) vil bli ein heilt ny statsforfatningsmessig konstruksjon, og noko vi ikkje har hatt tilsvarande av i Norge i fredstid sidan 1905. Ei slik  reguleringsmyndigheit, vil  stride mot Grunnlova sine prinsipp. Med regjeringa sine forslag og tilslutning til ACER vil norsk energi bli ein del av EU sin energimarknad og energi vil bli "den femte fridom". Ei slik endring kan gje langt høgare strømpriser i Noreg, og dette vil ramme mange samfunnssektorer, ikkje minst kraftforedlande industri, som med låge energiprisar har hatt eit viktig fortrinn, og betydd mykje for å bygge opp landet sitt næringsliv og velferd.