Ho bur i lensmannhuset, mannen er politi og ein av sønene går på Politihøgskolen. Men det var tilfeldigheiter som førte til at arbeidsantrekket til den nye regionlensmannen i Sogn vart politiuniform.

– Det var nok litt tilfeldig, eg gjekk på kunsthistorie grunnfag ved UiB og hadde ekstrajobb som vektar. Søkte både på Kunsthåndverkskolen i Bergen og på Politiskolen, og begynte der eg kom inn. Men har aldri angra, har sansen for samfunnsoppdraget til politiet. Synest at det er ein viktig jobb, seier Inger Lill Lanes.

I samband med omstillinga/nærpolitireforma fekk ho tilbod om anna passande stilling i Sogndal då Arne Johannessen fekk stilling som GDE-leiar.

– Kvifor takka du ja til å bli regionlensmann i Sogn?

– Eg har variert erfaring frå politiet i over 30 år. Har vore leiar i politiet på forskjellig nivå sidan 2002, mellom anna som politioverbetjent/etterforskingsleiar, lensmann i Stryn og Hornindal, regionlensmann i Hallingdal og personalsjef for Sogn og Fjordane politidistrikt. Har også etterutdanning innan leiing. Trur eg står støtt på begge beina.

– Trur du det er skilnad på vere lensmann i Sogn samanlikna med i Nordfjord?

– Det er nok ganske likt, men Sogn har ein meir utfordrande geografi enn Nordfjord. Tre av lensmannskontora ligg på sørsida av Sognefjorden, og det er noko meir krevjande å få samla alle tilsette. Utfordringane elles er nok ikkje så ulike.

– Kan du seie noko om utviklinga, er det noko som uroar deg spesielt?

– Eg er bekymra for konsekvensane for unge som rusar seg. Det er alvorleg for dei og deira framtid, og alvorleg for samfunnet.

– Har du gode råd til foreldre om kva dei kan gjere for å prøve å unngå at ungdommane blir kriminelle?

– Det finst inga sikker oppskrift, men det er i alle fall god førebygging å vere tett på, vere interessert i dei og vennane deira, snakke masse, sette klare grenser og avtalar, tørre å konfrontere dersom det skjer uønskte hendingar, hente dei frå fest- og ikkje gi dei alkohol med heimanfrå. Dessutan vere ein god rollemodell. Har tru på at det ein har med seg heimanfrå av gode haldningar, vil ein ta med seg resten av livet.

Inger Lill Lanes er fødd og trakka barneskoa på Svalbard. Faren er utdanna sivilingeniør, jobba som gruveingeniør der og vart seinare administrerande direktør i Store Norske Kullkompani AS. Det var mykje flytting i oppveksten. Ho har sjølv pendla mykje dei siste åra, er ei litt rastlaus sjel som liker nye utfordringar.

– Eg finn meg lett til rette overalt, men det blir ikkje så mykje tid til å engasjere seg i anna enn jobb og næraste familie. Må også dele tida med min 88 år gamle far som bur på Geilo, er der minst ei helg per månad. Får eigentleg for lite tid til å vere saman med venner og deler av familien, har dårleg samvit fordi eg burde vore flinkare til å prioritere dei.

Glad i friluftsliv

Både Inger Lill Lanes og politimannen Ole Tom Nord er lidenskaplege hundefolk og er å treffe titt og ofte i fjellet med hundane sine.

Inger Lill har den fem år gamle korthåra vorsteheren Shaun, og mannen har den elleve år gamle grå elghunden Birk.

– Har du alltid hatt hund?

– Eg fekk hund første gang då eg var 13 år. Det var ein litt vanskeleg periode med ungdomsopprør, ønska meg hund og fekk vel viljen min for at eg skulle roe meg ned … Har stort sett hatt hund heile livet etter det. Det begynte med schæferhundar, men gjekk over til vorsteher i vaksen alder. Dreiv med hundekøyring, brukshundtrening og meininga var vel å bruke vorsteher i jakt, det er ein fuglehund, men det er mest ein turvenn. Eg er veldig glad i friluftsliv, og bruker gjerne ferien til å gå i fjellet. Dei daglege turane på ski eller på beina i rundt to timar er mental hygiene i ein elles stressande kvardag. Naturen gir meg ro. I min jobb er det mykje stillesitjing framføre pc-en, så eg treng den fysiske treninga også.

– Har du andre hobbyar som du bruker tid på?

– Akkurat no går tida med til jobb,- og pendling, men vi har innimellom nokre oppussingsprosjekt, har tatt opp igjen strikking etter mange års opphald, og så les eg jo ein del.

– Kva type litteratur?

– Eigentleg alt av skjønnlitteratur og noko krim. Sidan eg køyrer mykje bil, høyrer eg ofte på lydbøker. Kan ha fleire bøker på ein gang. Siste leste bok er Herbjørg Wassmo`s ”Den som ser”.

– Liker du å sjå TV/film. Kva er favorittprogrammet?

– Ser gjerne nyheiter, dett ofte inn på ein eller annan serie som eg følgjer når det passar, som til dømes 71 grader Nord. Liker å sjå på film, men har sjeldan ro til det. Nyttar gjerne anledninga til å gå på kino når eg er i Bergen eller Oslo. Har jo vore på kino på Eid, men det blir ikkje så ofte.

– Kva tykkjer du om Nordfjordeid som stad og bu, pluss og minus, noko du set ekstra pris på, eller noko du saknar?

– Eg har flytta veldig mykje i heile livet. No har eg budd på Nordfjordeid i 12 år, men har pendla i fem av dei. Gleder meg alltid til å komme ”hjem til Eid”. Liker meg godt, er glad i huset vi bor i, og set pris på dei varierte turmulegheitene.

– Det er bra at Eid er i utvikling, men eg er litt uroleg for at handelsnæringa ikkje tar godt nok vare på dei fine butikkane i Eidsgata, og eg håper at folk i bygda er bevisste på å ivareta handel i gata.

– Nordfjordeid er ein flott stad å bu. Mannen min pleier å seie at han ikkje er komen tilbake til Eid for å reise bort igjen,- og eg ser fram til at også eg skal kome tilbake til Eid og kanskje kan falle til ro!

Trening: Å vere lensmann inneber mykje innearbeid, og det er godt å kome seg ut og få litt fysisk trening. Foto: Anna Wuttudal
TRE LENSMENN: Frå 1. mars er det berre tre lensmenn i Sogn og Fjordane. Lensmann i Sunnfjord er Dag Fiske, lensmann i Nordfjord er Tormod Hvattum og lensmann i Sogn er Inger Lill Lanes. Foto: Anna Wuttudal