Omorganiseringa er ein del av den såkalla «nærpolitireforma». For folk flest blir den største endringa at det om eit års tid blir passkontrollar berre på dei tre regionkontora; Sogndal, Nordfjordeid og Førde, pluss i Florø.

– Vi må jobbe for at politiet skal vere tilgjengeleg, at politipatruljane er synleg ute og kjem når folk treng hjelp, seier lensmann Inger Lill Lanes. Ho trur at den nye måten å organisere seg på går seg til, slik at folk flest ikkje kjem til å merke så stor forskjell.

Sogn og Fjordane er no ein del av Vest politidistrikt, som omfattar 54 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Vest politidistrikt har om lag 1.300 tilsette og vert styrt frå Bergen, med Kaare Songstad som politimeister.

Også den nye operasjonssentralen for Vest politidistrikt ligg i Bergen. Vest politidistrikt er organisert i tre geografiske driftseiningar

Bergen, Sotra, Askøy og Øygarden

Hordaland

Sogn og Fjordane

Politidistriktet har sju funksjonelle driftseiningar:

Felles eining for førebygging

Felles eining for etterretning og etterforsking

Felles eining for operativ teneste

Felles eining for påtale

Felles eining for sivil rettspleie

Felles eining for utlending og forvaltning

Politiets tryggleiksteneste – PST

I tillegg er det tre støtteeiningar

Stab for kommunikasjon

Stab for HR og HMS

Stab for verksemdstyring