Den nye hybridferja MF Eidsfjord var i ettermiddag ein sving innom Eidsfjorden på veg for å bli sett inn i ferjesambandet Anda-Lote, der MF Gloppefjord allereie er i drift.

MF Eidsfjord og MF Gloppefjord er like med unntak av farge på innreiing.

Begge ferjene er bygde som hybridferjer, men skal i praksis gå mest på batteri, berre på biodiesel dersom det er naudsynt.

I førarsetet

mobilapp

Har levert stolar

Takstauke

Forseinka

På veg

Målt i «kjøpt-energi» med dei nye ferjene reknar ein med å få ein reduksjon i energibruk på meir enn 70% per tur.

Nye krav frå Statens vegvesen har gitt sambandet eit kjempeløft både når det gjeld kapasitet og frekvens. Her er ny teknologi teke i bruk og miljøaspektet står sentralt. Dette er Fjord1 sin første kontrakt i «det grøne skiftet», den første kontrakten med krav om 0-utslepp.

Kontraktskravet frå 2018 på sambandet Lote-Anda er to nye ferjer med kapasitet på 110 PBE. Det er krav om ei ferje med null-utslipp + ei hybridferje. Fjord1 har altså valt å sette inn to hybridferjer.