I dagens avis kan du lese om sju unge jenter frå Selje, som opplever at det går feil veg i Selje. Dei viser til at tannlegekontoret er borte, det same med banken og lensmannskontoret, hotellet som brann opp, og at det er lite aktivitet som appellerer til dei som tiandeklassingar. Signala frå dei unge skal ein ta på alvor. Det er dei som er framtida, og som ein må få med seg.

I dag kan du også lese om den nye samfunns- og næringsutviklaren i Selje, Sara Helen Haaland. Ho meiner det er enormt potensial for positiv utvikling i Selje. No vil ho kartlegge lokalsamfunnet, og sjå korleis ein kan legge opp til langsiktig utvikling.

Vi forstår frustrasjonane hos ungdommen i Selje, men har likevel tru på at det ikkje ser heilt heilsvart ut. Målet må vere å få snudd trenden, og få ungdommen til å sjå at det går fint an å tenkje seg ei framtid i Selje.

I dag er Nordfjord ein region i sterk vekst innan privat næringsliv. Vi har tru på at her er stor vitalitet for vidare vekst enten det er innanfor elektro, fiskeri eller reiseliv.

Selje og Stad har unik natur, ei spesiell kulturarv og historie, og dette må ein utvikle vidare for å få ut yteevna som er der innan reiselivet.

Ressursane er der, og må berre takast i bruk. Realiseringa av Stad skipstunnel vil betyr store moglegheiter. Men her ligg ein styrke i havrommet elles, og nettopp nærleiken til havet, reiselivet, naturen og Vestkapp er berre noko av det som kan slå ut i full blomster.