Eid og Gloppen kommune har kome i førarsetet når det gjeld å få på plass ferjesamband utan utslepp av miljøgifter. Som dei første i verda har Fjord1 fått heilelektrisk ferje,og den kryssar kommunegrensa Eid-Gloppen fleire gonger for dag. Erfaringar frå denne ferja er starten på fleire nullutsleppferjer langs heile kysten av Norge. Men også ferjer som skånar miljøet i utlandet. Onsdag denne veka blei ferja MF Gloppefjord sett i drift mellom Lote og Anda, og dei første bilane kunne køyre ombord. Og trass litt vind i oppstartet segla ferja fint over Nordfjorden.

Hundre ferjer om nokre år

I dag har Fjord1 220 ferjer i trafikk. Målet er at halve flåten skal vere mot nullutslepp dei næraste åra.

Administerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, kunne onsdag denne veka ønskje dei første bilane og passasjerane velkomne til MF Gloppefjord ,med første avgang frå Anda. Starten på ein ny kvardag, med 90 prosent mindre utslepp av Co2, i høve til tidlegare trafikk.

– Det er vårt mål at halve flåten skal ha liknande ferjer om berre nokre få år. Det er ein milepæl for oss å ha fått på plass den første nullutsleppsferja i verda. No må vi arbeide vidare for å få eit kystsamband fri for miljøutgifter, sa direktør Neteland då han ønskte velkomen til den første ferjeturen på onsdag.

Sogn neste

Når den første miljøferja i verda kom i Nordfjord, kan Sogn vere neste på lista i Sogn og Fjordane. Prosjektleiar for nybyggingsavdelinga, Sven Olav Senneset, seier at det no ligg inne eit anbod på liknande ferje mellom Manhellar og Fodnes i Sogn. Det kan bli ei om lag like stor ferje, som kan bli den andre i Sogn og Fjordane.

Sparer miljøet for 2000 tonn Co2

Den nye elferja Gloppefjord sparer miljøet for rundt 2000 tonn Co2 i året. Sjøfart og fiske slepper ut 2,8 millionar tonn Co2 i året. Det er dobbelt så mykje som innanlands flytrafikk, som forureinar med 1,4 tonn Co2 i året. Om ein byter ut alle dei 220 ferjene i Fjord1, blir vel reknestykket minus 0,5 millionar tonn Co2, eller ein tredjedel av den innanlandske flytrafikken.

Administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1 smilte og var glad for at dei står i spissen for mindre miljøutgifter langs kysten. No vil han skunde seg med å byggje fleire slike ferjer.
Sveler med smørkrem og brunost var på plass i automaten på ferja.
Etter første tur med bilar segla MF Gloppefjord fint inn mot ferjekaia på Lote.
Inger Lise Drage og Oddmar Drage frå Sandane var på veg til Stad, og blei dei første til å køyre ombord i den nye ferja. Her venta både blomster, gåver, kaffi og svele.
Alexander Hilland frå Minibakaren på Eid var oppe allereie klokka fire natt til onsdag, og hadde saman med Leon Knapskog steikt over 1000 sveler i tidlege morgontimar.