Utflytting av statlege arbeidsplassar har lenge vore ei kampsak for Venstre. Det er også eitt av punkta som blir understreka i regjeringserklæringa mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Med fire år til å planlegge og setje i verk utflyttingar, bør ein kunne forvente at det faktisk vil skje.

Grunngjevinga for utflytting av statlege arbeidsplassar går først og fremst på at med dagens teknologi er det ingen vektig grunn til at slike arbeidsplassar absolutt bør ligge i Oslo, og at utflytting vil bidra til å dempe den store folkeveksten i Oslo og skape utvikling andre stader i landet.

Omtrent på denne tida av året i fjor lanserte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner regjeringa sin plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar. Her uttala Sanner blant anna dette på regjeringa sin offisielle nettstad: «Når statlige virksomheter plasseres i hele landet, kan flere få spennende karrieremuligheter i det lokalmiljøet de kommer fra, og dermed kunne flytte hjem etter fullført høyere utdanning. Med ny teknologi kan statlige virksomheter drives flere steder, og samtidig være tilgjengelige både for publikum og samarbeidspartnere.»

Kulturtilbodet i Eid har lenge fått mykje og velfortent skryt. Når ein les dagens utgåve av Fjordabladet får ein eit klart inntrykk av kor breitt tilbod ein har i Eid også innan idretten. Ein har nær sagt alle aktivitetar frå vintersport, skyting og symjing, til fotball, golf og hallidrettar. Felles for nær sagt alle aktivitetane er at det er rom for langt fleire deltakarar. Kvifor nemner vi dette i samband med statlege arbeidsplassar? Jau, fordi det er ein vesentleg del av grunnlaget for å kunne ta imot fleire innbyggarar, saman med blant anna ledige bustadtomter, variert næringsliv, gode kommunikasjonar og gode skular. Det har vi i Eid.