Andor Hovden i «Norgeshus Andor Hovden» kjøpte i fjor eit areal på rundt 25 mål i Leivdalsmona.

Arealet grensar til bustadfeltet Fossebakken/Mogrenda, og vil bety 20 nye tomter i Hjelle skulekrins.

Hovden kjøpte dette arealet frå grunneigar Inge Holmøy. Frå 2019 kan truleg salet av desse tomtene starte opp. Tomtestorleiken vil bli frå 800 til 1000 kvadratmeter.

Ny regulering

Dette arealet ligg no inne i kommuneplanen som bustadføremål, og arbeidet med å lage ein  ny reguleringsplan her er på trappene. Når den er klar, og detaljregulering er på plass, kan tomtesalet starte opp. Hovden satsar både på sal og tomter og ferdigbygde hus.

20 på Fossebakken

Andor Hovden starta for tolv år sidan opp med sal av tomter på Fossebakken. I løpet av desse åra har han seldt rundt 20 tomter/hus. No er det ikkje fleire ledige tomter her, og Hovden er glad for at han har kunne sikre seg nytt areal.

–Eg har lenge sett at det har minka med ledige tomter i Mogrenda. Det er viktig at ein no kan tilby byggjeklare tomter i Hjelle krins. Då tenkjer eg ikkje minst på vekst og utvikling i bygda og at skulen skal kunne oppretthalde barnetalet, seier Hovden som av erfaring trur at det ikkje blir nokon tomteboom med det nye byggjefeltet.

–Sal av to til tre tomter i året er ei realistisk framdrift. Det er same tempo som har vore i bustadfeltet på Fossebakken. Der selde eg flest tomter dei første åra, men så flata det ut til eit par i året, seier Hovden som enno ikkje har nokon tomtekjøparar på lista.

–Ingen har meldt si interesse enno, men det kjem vel når dette blir kjent og tomtene etterkvart blir byggjeklare, seier Hovden.

Ønskjer ny tilkomst

Hovden seier at det ikkje blir aktuelt å nytte eksisterande veg gjennom Fossebakken bustadfelt til dei nye tomtene. Han ønskjer å etablere ein ny veg frå vest. Ei forlenging av den nye vegen som i fjor kom på plass bak det eldste bustadfeltet i Mogrenda, med namneforslag Moavegen.

–Eg har vore i samtale med Eid kommune når det gjeld å forlenge denne vegen innover mot det nye tomtearealet. Der har eg fått positive tilbakemeldingar, men enno er ikkje noko avgjort i høve til ein ny tilkomst frå vest, seier Hovden.

Tilflytting til krinsen

For eit par år sidan viste prognosar ut i frå tal på fødde at Hjelle skulekrins kunne ende opp med langt færre elevar. Ein nedgang frå rundt åtti til berre litt over femti elevar viste prognosane. Men det siste året har skulekrinsen opplevd eit oppsving med tilflytting. Og på Hjelle skule har elevtalet auka frå litt over åtti til nitti elevar på berre eitt år. Dei dystre framtidsutsiktene er så langt dermed gjort til skamme.

–Eg trur at Mogrenda og området rundt Hjelle skule er attraktivt på grunn av kort skuleveg og gode tilhøve med gang- og sykkelveg, og nyleg utbygt for tryggare skuleveg. Om dei nye tomtene no får tilkomst mot vest, blir det kort veg rett ut til skulen, seier Andor Hovden.

100 nye bustadar

Bustadfeltet Mogrenda blei etablert for rundt 65 år sidan, med det første huset på plass i byrjinga av 1950-talet. Bildet nederst til høgre viser Mogrenda rundt 1954 då det var om lag ti hus i bustadfeltet. På desse 65 åra har det kome til om lag hundre nye hus. Og frå 2019 vil ytterlegare tjue nye tomter vere på plass.

Andor Hovden har vore sentral i utviklinga av Hjelle skulekrins dei siste åra, med å tilby byggjeklare tomter. No har han sikra seg nytt areal som skal kunne ta unna etterspurnaden mange år fram i tid. Foto: Arkiv
Rundt tjue hus er blitt etablert på Fossebakken dei siste tolv åra, i regi av Norgeshus Andor Hovden. No blir det fleire tomter i retning mot Leivdalen, til høgre på bildet. Foto: Inger Træen
Bustadfeltet Mogrenda har vakse i periodar heilt sidan oppstarten tidleg på 1950-talet. Hundre nye bustadar på desse åra, og særleg dei siste tjue åra har det vore ei god utvikling med fleire nye hus. Foto frå om lag 1954