På førehand har eg vurdert litt att og fram. Bør eg ta med hunden? Det er vel litt meir tilforlateleg å vandre rundt om i sentrum ein sein kveld dersom eg liksom er ute på luftetur, dessutan veit ein no ikkje heilt kva «småkriminelle» ungdomsgjengar kan finne på; eller?

– Men det er vel ingen ute når det er så kaldt, og om eg treff på nokon, så er vel sjansen liten for at dei kule ungdommane gidd å prate med ei tilårskomen kjerring. Tenkte eg.

Hunden fekk vere heime i stovevarmen. Eg tok i staden med piggskoa og kameraveska og parkerte utanfor Amfi Nordfjord. Strekninga mellom Coop og Eid kyrkjetun er det sentrumsområdet der sjansen er størst for å møte på unge folk på Nordfjordeid ein sein fredagskveld. Då er det nemleg nattkafé på kyrkjetunet. Og mange ungdommar dreg dit, eller seier at dei skal dit, men går på Coopen eller i parkane medan foreldra trur at dei er i trygg forvaring hjå ungdomspresten. Har eg høyrt.

– Men er det slik?

Ein ungdomsgjeng står og pratar på gangvegen. Ser ikkje ut til å vere på veg verken hit eller dit. Like godt å hoppe i det.

– Korleis er ungdomsmiljøet i Eid? Har de tid til ein prat? Trengst det ein utekontakt?

Mi frykt for kjipe ungdommar vert raskt avskriven som ubegrunna og avløyst av nysgjerrigheit. Ungdommane viser seg å vere både hyggelege og pratsame, og blir gjerne med for å snakke med avisa om ungdomsmiljøet.

Bakgrunnen er at det den siste tida har vore medieoppslag om problem både med rus, nasking og anna kriminalitet blant ungdom i Eid.

– Ungdomsmiljøet er bra. Dei fleste er venner. Kanskje nokre driv med nasking, men dei fleste gjer det ikkje, seier Steinar Hunvik.

– Det er litt overdrive. Vi er som oftast heime om kveldane. Fredag er det nattkafe og vi går ein tur på Coop Extra for å kjøpe godteri, seier Elisa Andersson. Ho fortel at dei føler seg litt mistenkeleggjort.

– Alle har høyrt om 2003-kullet. Dei ser på deg. Kva gjer dei her så seint? Skal dei stele?

Vi har bevega oss inn i varmen på Coop-butikken og har slått oss ned på dei fargerike benkane.

– Det er kanskje litt gjengete. Det går bra om du er med i ein gjeng. Er du ikkje med i ein gjeng, kan du føle deg litt utanfor, trur Kristel Emilie H. Sørland.

– Det er i stor grad faste gjengar. Mange av dei du er saman med, har du vore med frå barneskulen, poengterer Angelica Heggen.

Fleire ungdommar kjem til for å prate.

– Det er av og til litt drama, seier ein.

– Det er mykje drama og mykje gjengar, seier ein annan.

– Somme vil gjerne ha oppmerksomheit, trur Eskil Starheim.

Dei fleste av ungdommane rundt bordet skal konfirmerast til våren, dei er ein del av det såkalla 2003-kullet.

Brått blir eg merksam på at ”Onkel Politi” står bak ryggen min.

– Har han stått der lenge?

Det er ein politimann frå Nordfjord som er ute og patruljerer og som gjerne slår av ein prat med ungdommane.

Hans inntrykk er at det er eit fåtal ungdom som utgjer eit problem. Eller sagt på ein annan måte; det er nokre få ungdommar som er i ferd med å skape eit problem for seg sjølve.

– Ungdommen på Eid er stort sett greie, seier politimannen.

– Men kva med varselropa om auka rusbruk og problem med nasking blant ungdommen?

– Mykje er det ikkje, men i eit så lite samfunn som Eid, så vil dei tilfella som er, vere veldig synlege. Nasking er ikkje noko stort problem,

– Dei er i ein fase med uttesting, seier politimannen om dei 14–15 år gamle ungdommane som sit rundt bordet. Han fortel at dei har registrert at ungdom ned i denne alderen prøver alkohol.

– Det er ikkje eit stort problem, men eit problem som eidasamfunnet har blitt merksam på. Det har vore enkeltepisodar, men ungdommane er stort sett veldig kjekke, seier politimannen.

– Det er ganske mange som prøver, fortel ein av ungdommane.

– 02-arane er mykje verre enn oss, påpeikar ein annan.

Dei ungdommane som Fjordabladet snakka med er positive til at det vert oppretta ein utekontakt i Eid. Dei har han Kaare ungdomsprest, men det kan gjerne vere fleire vaksenpersonar. Dei vil også gjerne ha ein stad der også litt eldre ungdommar kan treffast og henge på kveldstid.

I området ved Coop-butikken er det fleire grupper med ungdom. Politimannen slår også av ein prat med nokre av dei som står ute, og det verkar som om dei tykkjer det er ok at lovens lange arm er synleg i bybildet, preikar med dei og held dei litt under oppsyn.

– Ungdomsmiljøet kunne ha vore betre. Det er nokre som trur dei er betre enn andre, og du tør kanskje ikkje å gå bort til dei, seier ei av dei vi treff på denne kvelden.

– Dei fleste ungdommane er veldig greie. Det er nokre som ikkje held seg innanfor det som er greitt. Dei aller fleste held seg innanfor, men somme blir dratt med på ting som ikkje er bra. Det kan vere ruspress, å vere stygg med andre på nettet, utestenging og utfrysing, seier Ida Sætren. Ho står og hutrar litt ute saman med Silje Kristin Ryland og nokre gutar som har blitt kasta ut av kyrkjetunet fordi dei er for gamle.

Vi går igjen inn på Coop-butikken, og fleire ungdommar sluttar seg til. Det er godt og varmt inne, men det er ikkje alltid like populært at dei samlast der.

– Viss vi pratar eller ler litt høgt, kan vi bli kasta ut.

Ein av ungdommane fortel at han har blitt kasta ut fleire gonger.

Det er tydleg at dei saknar ein plass der ungdom kan møtest, der også dei som har byrja på vidaregåande skule har innpass.

– Om ein ikkje har nokon plass å vere og noko kjekt å finne på, er det lettare å prøve alkohol eller stoff, seier ein.

– Vi blir lett sitjande heime og blir usosiale, poengterer Silje Kristin Ryland. Ho er kjærast med Jon Kristian Hjelle, som går 1. året på vidaregåande, TIP. Han er for gammal til å gå på nattkafeen, og då har dei ingen felles stad å gå.

Dei ønskjer seg ein plass som er open også kveldar i vekedagane.

– Det burde vore ein plass der vi kunne gå inn og ha det kjekt, så vi slepp å sitje ute og fryse, seier Mathias Husevåg. Han peikar på at kanskje Valhall hadde vore fint, eller Gymmen, ein kunne ha kiosk og spele musikk. Det er kjipt å berre gå ute og fryse.

– Til slutt blir du lei og blir sitjande inne, seier Silje.

– Eller du er berre ute når du skal på handballtrening, seier Ida.

Klokka er elleve. Det er stengetid og Ida Sætren, Mathias Husevåg og dei andre ungdommane som har varma seg inne på Coop-butikken, blir bedne om å gå. Kyrkjetunet har framleis ope ein time.

For dei som er unge nok.

Coopen på Amfi er ein populær samlingsplass. Her er det ofte eit betydeleg tal ungdommar som ferdast. Foto: Anna Wuttudal
01-aren Brynjar Barvåg Leivdal (17) (nr. 2 f.h.) har eit ønskje om ein stad der dei eldre ungdommane kan vere, kanskje kan ein etablere ein ungdomsklubb? Foto: Anna Wuttudal
Politiet er ute og patruljerer og slår gjerne av ein prat med ungdommane, som her, utan at dei har gjort noko gale. Foto: Anna Wuttudal
Silje Kristin Ryland (15) og Jon Kristian Hjelle (16) er kjærastar, men sidan Jon Kristian er for gammal til å vere på kyrkjetunet, vert det Coopen eller å vandre ute. Foto: Anna Wuttudal
Mathias Husevåg (15), Ida Sætren (14) og dei andre ungdommane må ut i vinterkulden. Foto: Anna Wuttudal