Ho er sjølv mor til ein autist som kommunen har heildøgnsomsorg for. Eltvik gjev ros til mange av dei som jobbar der, men saknar større grad av aktivitet.

– Sonen min går fram og tilbake på golvet. Det vert altfor lite variasjon i kvardagen. Kva med å ta han meir med ut på spasertur, og å la han få bruke energien sin til å lage noko med hendene sine?, spør ho.

Eltvik trur at ein høvelbenk eller noko liknande kunne vore ein god ting for å skape ein betre og meir meiningsfull og aktiv kvardag. Ho tek også til orde for å i større grad sende tilsette på kurs, for å auke kunnskap og forståing innanfor det fagfeltet dei jobbar med.

Eltvik stiller også spørsmål om kvifor ein sjeldan ser dei som tidlegare heldt til i dagsenteret Humla i Fabrikken i Nordfjordeid sentrum. Ho brukte å treffe på dei i gata og saknar dei i bybildet. No har ho inntrykk av at dei held seg mest i LA-bygget på Langeland.

– Menneske med nedsett funksjonsevne må vel få trene seg på vanlege aktivitetar, som det å handle eller gå på kafe? Får dei ikkje lenger kome ned i sentrum? Er det slik at ein gøymer vekk folk som er litt annleis?, spør ho.