Onsdag vart den utvida regjeringa til Erna Solberg presentert etter ekstraordinært statsråd på slottet. Venstre får tre statsrådar i den utvida Solberg-regjeringa. Trine Skei Grande blir kulturminister, Ola Elvestuen blir klima- og miljøminister og Iselin Nybø blir forsking- og høgare utdanningsminister. Sveinung Rotevatn (V) og Atle Hamar (V) blir statsrådar i høvesvis Justis-, beredskaps- og innvandringsdepartementet og Kilma- og miljødepartementet. I tillegg blir Kjartan Almenning (V), opphavleg frå Gloppen, rådgjevar for Iselin Nybø (V), i departementet for forsking- og høgare utdanning. Sogningen Britt Dalsbotten (FrP), er rådgjevar for fiskeriminister Per Sandberg (FrP).

Seier ikkje nei

– Kva er bakgrunnen for at du no har sagt ja til jobb som statssekretær?

–For det første så får eg høve til å jobbe med saker som eg brenn for. Justis, tryggleik, beredskap og innvandring er alle område som eg har stor interesse for. I tillegg er jobben i dette store og omfattande departementet innanfor det eg er utdanna i. Ut over det så vil eg seie at dette ikkje er eit jobbtilbod du seier nei til, seier den nybakte statssekretæren til Fjordabladet.

– Kan du seie noko om kva område du skal jobbe innanfor?

– Vi har ikkje fordelt oppgåvene oss i mellom enno, så det kan eg ikkje seie så mykje om. Det eg kan seie er at jobben blir krevjande. Det er ikkje rom for å gjere feil, fordi det vi skal jobbe med er viktige samfunnsoppgåver som er viktige for befolkninga.

Usamde

–Du skal no jobbe for ein statsråd som du tidvis har vore kritisk til og usamd med. Korleis trur du det vil gå?

–Det meiner eg skal gå heilt fint. Det er ingen løyndom at det har vore stor avstand mellom Framstegspartiet og Venstre asylpolitikken. Og som har ført til konfliktar mellom partia. Dei politiske måla for den utvida regjeringa Solberg er nedfelt i plattforma, som dei tre partia har blitt samde om. Dette er vårt arbeidsdokument, eit dokument som ikkje er reindyrka FRP- eller Venstre-politikk.

Permisjon

–Du starta i ny jobb som advokatfullmektig i advokatfirmaet Steenstrup Stordrange for 14 dagar sidan. Korleis har arbeidsgjevaren din reagert på at du no søkjer permisjon?

–Det var lite hyggeleg å gå til sjefen å be om permisjon etter så kort tid. Når det er sagt så må eg legge til at eg møtte stor forståing frå sjefen, som ønskte meg hjarteleg velkommen tilbake etter avslutta permisjon.

Større oppgåver

–Ser du føre deg at den vegen du no startar på kan vere vegen mot større politiske oppgåver?

–No er det denne jobben det handlar om. Den blir både utfordrande og krevjande. Kva framtida måtte bringe, er ikkje fokus no, seier Sveinung Rotevatn som er glad for at også Atle Hamar, som han kjenner godt, har fått plass i regjeringsapparatet.

–For Sogn og Fjordane er dette viktig, fordi det i mange samanhengar er avgjerande at ein har folk i posisjonar som kan vere med å påverke, seier han.

Ettertrakta: Sveinung Rotevatn var eit ettertrakta intervjuobjekt onsdag. Foto: Screenshot NRK