På Eid kyrkjetun finn vi ein blid og hyggeleg ungdomsprest som saman med vaksenleiar Jakob Haavik held oppsyn med dei unge. Denne kvelden har det vore om lag 50 ungdommar innom, og fleire av dei gjev uttrykk for at det er bra å ha ein møteplass, så ein ikkje blir sitjande på Coopen heile tida.

Har større ambisjonar

Ungdomspresten si erfaring er at det er fine ungdommar i Eid, og at dei slett ikkje er noko verre enn i hans ungdomstid.

– Eg trur ikkje det var betre før. Mitt inntrykk er at ungdommane i dag generelt har større ambisjonar og jobbar meir systematisk med lekser, og at det er fleire som vel ei rusfri ungdomstid.

Kaare var sjølv aktiv innan idrett, og vart kristen, noko som heldt han unna rusmiddel. – Viss du ikkje var kristen, så drakk du, minnast Kaare. Han fortel at i vennegjengen hans byrja mange å drikke i ungdomsskulealder. Dei som starta seinare, var dei som var seriøse innan idrett. – Først var eg god i fotball. Som 16-åring vart eg kristen. Kristen på Sørlandet betydde totalavhald då eg var tenåring, forklarer Kaare.

Vil unngå forgubbing

Nattkafeen er open mellom kl 20.00 og 24.00 kvar fredag, og det er berre dei som går på ungdomsskulen som får vere der. Har du byrja på vidaregåande, er det over og ut.

– Det er med tungt hjarte vi avviser dei som er for gamle, men nattkafeen overlever fordi miljøet ikkje etter kvart blir for vakse. Erfaringane tilseier at dersom vi hadde hatt frå 8. klasse til 3. klasse på vidaregåande, så ville tyngdepunktet blitt eldre og eldre. Ein ville fått ei forgubbing, og 8.-klassingane ville ikkje ha våga å kome.

– Det er dritkjipt å seie at tida deira på nattkafeen er over, vedgår Kaare. Han stiller seg heilt bak at dei på vidaregåande kunne trenge ein rusfri stad der dei kan henge.

–Men det store spørsmålet er; er vaksne personar villige til å bruke tida si for å få dette til?, spør ungdomspresten.

Lite problem med rus

Nattkafeen skal vere ein trygg og god stad å vere for ungdommar som går på ungdomsskulen, og det meiner Kaare heilt klart at det er.

Ungdomspresten fortel at i løpet av fire år har han berre tre gonger sendt ungdom heim på grunn av at dei har vore rusa. – Det er ikkje mykje. Blir ungdom tekne for rus på nattkafeen, vert dei utestengde i to månader. Det er klare reglar, og bryt ein dei, så får det konsekvensar.

– Foreldra må vere trygge på at det er eit rusfritt tilbod. Sjølv om ungdom og rus må takast på alvor, er det viktig at ein ikkje stigmatiserer heile gruppa for noko som gjeld eit fåtal. Politiet seier at det ikkje er snakk om mange. Det er få. Og det er ikkje snakk om eit miljø rundt nattkafeen først og fremst, understrekar Kaare. Han peikar på at dei fleste som oppheld seg i nærområdet er på vandring mellom nattkafeen og Coop-butikken. Ungdomspresten har snakka med dei ansvarlege på butikken og har bede dei om å ringe dersom det skulle oppstå problem.

– Eg vil gjerne ha ein telefon dersom det er noko som ikkje er greitt, seier han.

– Er gjengar eit problem?

– Både ja og nei. Det er jo klikkar. Folk har jo sine bestevenner, men eg ser 10.-, 9.- og 8.-klassingar henge saman på tvers av klassetrinn.

– Kva med 03- kullet, verstingane som får skulda for det meste?

– Eg opplever ikkje dei som eit verstingkull. Dei lagar ikkje problem her på nattkafeen, seier ungdomsprest Kaare Christoffersen.

– Det er kjekt å ha ein slik plass som nattkafeen, meiner Oliver E. Løkling (15) og Thomas B. Andreassen (15). T.v.: Ungdomsprest Kaare, til høgre vaksenleiar Jakob L. Haavik. Foto: Anna Wuttudal