Nattkafeen på Eid kyrkjetun er for ungdommar som går på ungdomsskulen, i 8.-, 9.- og 10.-klasse.

– Når det ikkje er nattkafé, nølar du med å gå inn til han, seier ein av ungdommane.

Har det kjekt med vener

Eirik Nor Midthjell er ein av dei som er på nattkafeen så godt som kvar fredag.

– Her spelar vi biljard og har det kjekt med vener.

– Eg synest det er veldig bra. Dei fleste bør ta turen hit. Det er ein god måte å bli kjend med folk på. Ein kjem litt tettare på kvarandre enn i skulesamanheng.

– Kaare er super. Han er kjernen i det heile, ein man kan stole på og snakke med. Og han er flink til å ordne opp om det er noko, fortel Eirik. Han er frå Hjelle og er ein av dei som set veldig stor pris på nattkafeen. Som mange andre, tek han gjerne ein tur for å handle Cola eller noko anna snop på Coop Extra i løpet av kvelden.

– Masse drikkepress

Ein annan ungdom som vi snakka med, ein 10.-klassing si skildring av verkelegheita, gjev eit bilde av ungdomsmiljøet i Eid som kanskje er litt tøffare enn det ungdomspresten gir inntrykk av.

Ungdommen fortel til Fjordabladet at det er masse drikkepress, at det i hans klasse berre er nokre få som ikkje drikk alkohol, og at det også var nokre som drakk då dei gjekk 9. klasse.

Vi får også høyre av ungdommar at det er ganske lett å få tak sprit på Eid, og at mange foreldre ikkje veit at ungdommane deira drikk. Det kan vere festar fleire gonger i veka på hyblar, og det hender at også 14-, 15- og 16-åringane er med på slike festar. Somme drikk berre litt, medan dei som drit i skulen gjerne drikk meir.

Det vert også sagt at det hender at unge tenåringsjenter er saman med gutar som er fleire år eldre, noko som vert oppfatta som ikkje greitt.