Leiar i Eid sogelag, Trygve Espe, fortel at dei har fått mykje god respons på arbeidet med å lage ei ny gards- og slektssoge. Dei har fått inn mange skjema, men vil gjerne ha fleire. Det kan sjå ut til at mange familiar har vore samla i jula og har fylt ut skjema, for det har kome mange no på nyåret, men framleis manglar dei ein god del opplysningar.

Espe trekkjer fram enkelte bygder som har god dekning, som Haugen og Hjelmelandsdalen, men også Hjelle, Mogrenda og Heggjabygda har vore flinke til å sende inn opplysningar.

Nemnda har mykje å jobbe med, og vil ikkje setje nokon absolutt frist, men ser gjerne at flest mogeleg sender inn opplysningar før påske. Ein kan gå inn på heimesida til Eid sogelang og sende digitalt eller fylle ut skjema som ein har fått i posten. Har du mista skjema, så kan du få tak i nye via heimesida eller du kan gå på biblioteket for å få der. Du kan også levere opplysningar om slekta nedskrive på anna vis.