Det har lenge vore spekulert i om Sveinung Rotevatn, som ikkje fekk fornya tillit som stortingsrepresentant etter fjorårets val, var ferdig i politikken eller om han ville takke ja dersom det skulle dukke opp anten ein ministerpost, om Venstre skulle gå inn i regjeringa til Erna Solberg,  eller ei anna stilling som kunne vere politisk interessant.

No er det altså klart at han vert statssekretær i Sylvi Listhaug sitt departement.

I tillegg til Sveinung Rotevatn, blir også Atle Hamar (V), direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, med i regjeringsapparatet. Hamar blir statssekretær for klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Dei fem nye statsrådane:

Trine Skei Grande (V) blir kulturminister

Ola Elvestuen (V) blir klima- og miljøminister

Iselin Nybø (V) blir forskings- og høgare utdanningsminister

Nikolai Astrup (H) blir bistandsminister i Utanriksdepartementet

Åse Michaelsen (Frp) blir eldreminister i Helsedepartementet

Desse får nye ansvarsområde:

Torbjørn Røe Isaksen (H) blir næringsminister

Jan Tore Sanner (H) blir kunnskaps- og integreringsminister

Sylvi Listhaug (Frp) blir justis- og innvandringsminister

Monica Mæland (H) blir kommunalminister

Linda Hofstad Helleland (H) blir barne- og likestillingsminister

Desse held fram som før:

Erna Solberg (H) er statsminister

Siv Jensen (Frp) er finansminister

Ine Marie Eriksen Søreide (H) er utenriksminister

Bent Høie (H) er helse- og omsorgsminister

Anniken Hauglie (H) er arbeids- og sosialminister

Ketil Solvik-Olsen (Frp) er samferdselsminister

Jon Georg Dale (Frp) er landbruks- og matminister

Per Sandberg (Frp) er fiskeriminister

Terje Søviknes (Frp) er olje- og energiminister

Frank Bakke-Jensen (H) er forsvarsminister