Fleire rokeringar og endringar er i vente når Venstre trer inn i regjeringa. Sist Venstre var i regjering, var i Bondevik 2 regjeringa (2001 - 2005). Venstre hadde då tre statsrådar, Lars Sponheim, landbruksminister, Odd Einar Dørum, justisminister, og Torild Skogsholm, samferdsleminister. Noverande ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, var blant anna politisk rådgjevar for samferdsleministren.

Statssekretær i justis

Slik det ser ut før statsministeren har presentert den utvida regjeringa på Slottsplassen onsdag, kjem det ikkje til å bli nokon statsråd frå Sogn og Fjordane. Frå Venstre blir partileiar Trine Skei Grande blir ny kulturminister, nestleiar Ola Elvestuen blir ny klima- og miljøminister og tidlegare stortingsrepresentant Iselin Nybø får ansvaret for høgare utdanning i eit oppsplitta Kunnskapsdepartement.

Venstre sin tidlegare stortingsrepresentant, Sveinung Rotevatn, har vore sett på som ein heit kandidat til statsrådpost, er altså ikkje med i statsrådkabalen denne gong. I følgje NrK Sogn og Fjordane er Rotevatn tiltenkt ein viktig post som statssekretær i det som no blir justis- og innvandringsdepartementet som Sylvi Listhaug blir statsråd i.

Saka vert oppdatert