Trekaia vart rasert under «Dagmar» og har i fleire år vore eit lite flatterande syn, men er no fullstendig restaurert og står fram som ein flott uteplass.

Det er Andor Hovden AS som har utført arbeidet, og driftssjef i Eid kommune, Tore Nyhammer-Taklo er svært godt fornøgd med resultatet. Plattingen er 9 x 20 meter, det er lagt nytt dobbelimpregnert tredekke, og også sidene mot sjøen er kledd med treverk. Det einaste som manglar er ein skikkeleg redningsstige, som kan nyttast om nokon skulle ramle ut i sjøen eller frivillig ta seg eit bad. Men den kjem snart på plass.

Området har fått seg eit skikkeleg ansiktsløft. Her der det no lagt til rette for at du kan setje deg ned og nyte solnedgangen, sjå på båtlivet og kanskje ta deg eit kveldsbad. Ei som var ung på 80-talet fortel at kaiområdet den gongen var ein samlingsplass for dei unge med bading og eit yrande folkeliv.

Ved trekaia er det støypt betongklossar som fungerer godt som sitjeplassar.

– Dette er offentleg areal som alle som ønskjer det kan ferdast på. Det som no er gjort er ein viktig del av oppgraderinga rundt godsterminalen. Det har blitt ei heilt ny kaioverflate på vestsida. Båtar kan legge til trekaia, og folk kan bruke området, konstaterer ein fornøgd driftssjef. Han fortel at oppgraderinga mot vest er gjennomført innanfor ramma på 1,6 millionar kroner som kommunestyret hadde sett.

Isbilen er største leigetakar i godsterminalbygget, og dei har fortrinnsrett når det gjeld leige av ledige lokale. Både Sivilforsvaret og Andor Hovden AS er no ute som leigetakarar, medan John Olav Lefdal har lokale på hjørnet. På sørsida av bygget står det framleis mykje igjen før området er presentabelt, men arbeidet er i gang. Der skal det mellom anna lagast til oppstillingsplassar for bussar. Der var i utgangspunktet planlagt servicebygg, men dette er ikkje med i det som no skal lagast til.

Sørsida av bygget er kommunalt areal, men det er inngått avtale med Lefdalgruppen om oppgradering, drift og vedlikehald av dette området.

På godsterminalkaia mot vest er seawalken festa, og det er planlagt at cruiseturistane skal strøyme i land ved Eid Godsterminal.