Venstrepolitikar Inge Adelsten Engebretsen tok i Oppvekst- og kulturutvalet (OK-utvalet) til orde for at det bør opprettast ein utekontakt som kan jobbe med ungdom i Eid kommune. Han trur at eit slikt førebyggjande tiltak vil vere nyttig og bra for ungdomsmiljøet.

– Utekontakten bør vere ein person som kommuniserer godt med ungdommen, ein som kan snakke med dei, arrangere ting og legge til rette for aktivitetar. Det bør vere ein som har levd eit liv og som skjønar kva det å vere ung handlar om.

– Ein skal ikkje lukke augene

– Mitt inntrykk er at det har blitt eit røffare miljø. Ein skal ikkje lukke augene for at det skjer uheldige ting i ungdomsmiljøet, ein del ungdom rusar seg eller har andre problem. Eg meiner det er behov for ein utekontakt som kan vere ute der ungdommen ferdast. Eg trur ungdommen treng ein slik kontaktperson. Behovet er der sjølv om det kanskje ikkje gjeld så veldig mange. Det er nok at det er nokre få som treng ein vaksenperson å snakke med, ein som kan vere der på ungdommens premissar. Kan hende kan ein slik person fange opp ting tidlegare enn til dømes ein rektor, seier Engebretsen, som sjølv er frå Kongsvinger. Det var ein slik utekontakt i ungdomsmiljøet der den gongen han var ung.

I Eid er det nattkafé fredagane på kyrkjetunet for ungdom i 8., 9. og 10.-klasse, og ungdomspresten er ein person som ungdommane kan snakke med, men Engebretsen trur ikkje at dette er nok for å nå alle som treng nokon som er der for dei når ting er vanskeleg.

Bekymra for ungdommen

Ann-Magritt Hopland Eikås(Sp) stilte i OK-styret spørsmål om ungdommane blir ivaretekne i samband det som har kome fram om ungdomsmiljøa i Eid.

Med bakgrunn i store oppslag om at nokre få har blitt tekne for nasking på butikkar, trur Sivertsen at ein del ungdom føler seg urettferdig skulda for slik åtferd. Han utdjupar overfor Fjordabladet at mesteparten av ungdommen oppfører seg skikkeleg og at alt ikkje er alvorlege brotsverk.

– Dei fleste vil prøve og feile litt i ein oppvekst. Dei bør få rettleiing, i staden for å kappe av dei heile handa. Ei normal korrigering av åtferd held for dei fleste ungdommane, meiner kommunalsjefen.

Butikkane kan gjere litt sjølve

Sivertsen peikar på at butikkane også kan gjere litt sjølve, til dømes setje 18-årsgrense på kassa med sjølvbetening. Han har ei viss forståing for at ein del ungdom kan bli freista.

– Det er stor skilnad på om du gjer noko for spenninga si skuld, eller om det er notorisk kriminalitet. Det er ikkje mange av oss som har levd eit liv utan å gjere eit einaste feiltrinn. Ein tyggegummipakke kan ha forsvunne ned i mange sine lommer; utan at det dermed er greitt. Men ein normal korreksjon held som oftast.

– Føler seg uglesette

Sivertsen peikar på at han ikkje kjenner omfanget av nasking, men han har inntrykk av at ein god del ungdommar føler seg uglesette, utan at det er grunnlag for det.

– Kor mange er melde til politiet for nasking?, undrar han.

Sivertsen tek til orde for at ein kan ta ein diskusjon på neste møte i Ungdomsrådet, for å få fram korleis medlemmene der oppfattar ungdomsmiljøet i Eid.

Kommunalsjefen fekk i OK-utvalet også spørsmål om han har fått varsel om at det er mykje fråvær i somme klasser. Svaret frå kommunalsjefen var at han nyleg har hatt møte med rektorane, men ikkje har motteke signal om at dei opplever det slik.

Han har no også etter møtet snakka med rektorane, og opplyser til Fjordabladet at det ikkje er noko som tyder på at elevane i grunnskulen skulkar for å gå på Eid i skuletida.

Sivertsen vil forhøyre seg med rektorane på avdelingsleiarmøte om kva dei meiner om behovet for ein utekontakt. Han peikar på at ein må vurdere behovet opp mot kostnaden med tiltaket.

– Viss det blir fremja ei politisk sak, så skal vi utgreie det, seier han til Fjordabladet.