Luttprisen skal delast ut på eit direktesendt show med fleire av dei nasjonale artistane frå Sogn og Fjordane på scena. Der får du oppleve både Kjartan Lauritzen, Sigrid Moldestad, Vilde & Anna og Line Dybedal i løpet av prisutdelinga.

Ronny Brede Aase frå Førde er programleiar, og Iselin Solheim, Alexander Pavelich, musikksjef i NRKP1 Atle Bredal og MGPjr-vinnar Oselie er med som prisutdelarar.

Finalistane

I finalen i år er:

Erlend Apneseth,

Sigrid Moldestad,

Kjartan Lauritzen,

Silo,

Andrea Santiago,

Oselie,

Ketil Thorbjørnsen,

Steinar Karlsen,

Månevenn,

Sjur

Vilde & Anna.

Prisen er eit kunstdiplom av Oddvar Torsheim, og eit stipend frå Sparebanken Vest.

Direkte på radio og nett-tv

– Vår plan er å lage eit gnistrande show som får deg i feststemning, og som verkeleg viser fram nokre av dei fantastiske musikarane vi har frå dette fylket. Denne gjengen er jo like nasjonale som dei er lokale. Luttprisen blir ein flott måte å heidre dei som har engasjert oss i 2017, seier Stian Sjursen Takle. Han er musikksjef i NRK Sogn og Fjordane og prosjektleiar for Luttprisen.

Luttprisen kan du sjå direkte på nett-tv eller høyre på radio. Men håpet er at publikum også fyller den nye Larris Scene i Førde der showet vert arrangert.

Leitar etter nye talent

Musikkfesten har også vore ute å leita etter heilt nye musikalske talent. Før jul vart det lyst ut ein talentkonkurranse, og denne får finale i løpet av laurdag 20. januar.

Det har kome inn spennande ny musikk frå Sogn og Fjordane gjennom konkurransen. No skal ein jury plukke ut tre artistar som får spele finale framfor ein fagjury på Larris Scene tidleg på ettermiddagen. Vinnaren får spele låten si under det store Luttpris-showet seinare på kvelden.

Det er heller ikkje for seint å vere med å røyste fram vinnar av Luttprisen. Fram til 15. januar kan du finne din favoritt og gi di røyst på nettsidene til NRK Sogn og Fjordane.

Tidlegare vinnarar

Luttprisen vert delt ut for 12. gong, og tidlegare har desse fått prisen:

Eva Weel Skram (2006),

Sigrid Moldestad (2007),

Generous Days (2008),

Håvard Lothe (2009),

Sigrid Moldestad (2010),

Eva Weel Skram (2011),

Vreid (2012),

Karl Seglem (2013),

Thea Hjelmeland (2014),

Good Time Charlie (2015)

Eva Weel Skram (2016).

LUTT-FINALISTAR: Fjorårets MGPjr-vinnarar Vilde Hjelle og Anna Naustdal er blant Luttprisfinalistane og skal delta på sceneshow. Foto: Anna Wuttudal