Dette skriv Endre Høgalmen, assisterande fylkesdirektør for næring og kultur, og Staffan Hjohlmann, rådgjevar/prosjektleiar i svar til Hornindal kommune, som har søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om midlar til overvaking av eventuell ureining frå bilvrak i Hornindalsvatnet.

Fylkesmannen

–I første omgang vil vi råde Hornindal kommune til å kontakte fylkesmannen for råd og eventuell søknad om midlar til nemnde formål, skriv dei nemnde sakshandsamarane i sitt svar til Hornindal kommune og viser vidare til at Nordfjord vassområdeutval disponerer ein del midlar frå eit spleiselag mellom kommunane og Sogn og Fjordane fylkeskommune, som skildrar prosjektplan for Nordfjord vassområde 2016–2021. Midlane kan brukast til overvaking av vassførekomstar, i hovudsak knytt til påverknad som kommunane er styremakt for. På møtet i vassområdeutvalet 3. oktober orienterte prosjektleiaren om søknaden. Vinteren 2017–2018 vil prosjektgruppa vurdere dei samla behova for overvaking i vassområde i 2018. Representanten frå Hornindal kommune har då høve til å orientere om status for overvaking i Hornindalsvatnet og melde eventuelle konkrete behov for bruk av vassområdet sine midlar, heiter det i svaret der ein rår Hornindal kommune, inntil vidare, å dokumentere alle relevante opplysningar i saka som har kome fram om dumping av bilvrak i Hornindalsvatnet, til dømes opplysningar om stad og tidspunkt, kontaktpersonar, gamle avisoppslag og bilde.

Søknad om tilskot til vassmiljøtiltak

Svaret frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til Hornindal kommune er datert 21 november 2017. Den 18. desember sende Miljødirektoratet ut melding om at søknadsskjema for tilskot til vassmiljøtiltak i 2018 var opna. I meldinga blir det presisert at Fylkeskommunar og Fylkesmenn på vegner av fleire kommunar/vassområde kan søkje om tilskot til vassmiljøtiltak i 2018. Vidare at tilskotsordninga skal bidra til at ein når måla om godt vassmiljø og bidra til at ein når miljømåla i vassforskrifta.

Ikkje tenkt å søkje

Per i dag har eg ikkje planar om å søkje tilskot til Nordfjord vassområde. Dersom de har forslag og melder raskt tilbake, kan eg vurdere det, men hugs at søknadsfristen er allereie 15. januar, skriv Staffan Hjohlmann, prosjektleiar for vassområda Nordfjord og Sunnfjord i ein e-post til representantar for kommunane.