– Det blir ofte framstilt som om dei vidaregåande skulane i Nordfjord ikkje samarbeider særleg godt. Slik er det ikkje, forsikrar avtroppande «nordfjordrektor» Ove Bjørlo, som no overleverer stafettpinnen vidare til rektoren ved Måløy vidaregåande skule, Åsta Navelsaker Røed.

For ordens skuld, «nordfjordrektor» er ingen felles rektor for dei fire vidaregåande skulane, men ei leiaroppgåve som går på omgang mellom rektorane i Nordfjord, og der vedkomande har ansvar for organisering av samarbeid.

Nordfjordfag

Bjørlo og Navelsaker Røed forklarer at det er mange ting dei fire skulane samarbeider om, og som er ein vinn-vinn-situasjon der dei i fellesskap får meir ut av ressursane. Til dømes samarbeider fleire av skulane om «nordfjordfag», det vil seie at innan små fag, som det er for få elevar til å ha heil klasse, så reiser elevar, og også av og til lærarar, til naboskulen for felles undervisning.

Det er særleg innanfor realfag dette er aktuelt. Til dømes er det dette skuleåret slik at fysikklærar Jan Håvar Henden, som til dagleg er realfagslærar på Eid vgs., fyller opp bilen med nokre fysikkelevar frå Eid vgs. og køyrer ut til Måløy vgs. for å undervise, der det er ei større fysikk-klasse som eida-elevane får felles undervisning saman med.

Like eins er det samarbeid mellom Eid vgs. og Stryn vgs. når det gjeld biologi, der det blir gitt felles undervisning ved at elevane samlast fysisk, eller det kan gå føre seg ved hjelp av digitale løysingar som Skype. – På denne måten kan ein tilby elevane i Nordfjord eit breiast mogeleg tilbod, også når det gjeld fag som det er få som vel, forklarer Åsta Navelsaker Røed.

Andre samarbeidsområde kan vere skuleskyss, timeplanar og personkabalar som ein saman jobbar for å få til å gå opp, og ein utvekslar erfaringar.

Nytt strategidokument

Det er ein ny læreplan på trappene, og tema på denne leiarsamlinga var mellom anna nytt mål- og strategidokument for dei vidaregåande skulane, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok like før nyttår. Her er det aktuelt å gje ei felles tilbakemelding.

Samarbeid mellom dei vidaregåande skulane handlar også om utviklingsarbeid og kompetanseheving. Til dømes har ein mogelegheit til å få inn litt meir proffe folk som føredragshaldarar dersom ein går saman om å arrangere.

NY «NORDFJORDREKTOR»: Rektor ved Måløy vidaregåande skule, Åsta Navelsaker Røed, skal leie samarbeidet mellom dei vidaregåande skulane i Nordfjord framover. Ho tek over som «nordfjordrektor» etter Eid-rektor Ove Bjørlo. Foto: Anna Wuttudal