I neste veke vil den første elferja over Nordfjorden truleg vere i drift.

Det er MF Gloppefjord som først skal setjast inn i rute. Seinare kjem elferje nummer to, MF Eidsfjord. Det er Tersan Shipyard i Tyrkia som har bygd ferjene på oppdrag frå Fjord 1.

Medan stolane i salongen er lokalt produsert på Nordfjordeid, av bedrifta West Mekan,om lag 150 sitjeplassar i kvar ferje.

–Det er kjekt å vere med på å produsere for lokale fartøy. Vi har eit godt samarbeid med brødrene Aa i Hyen og leverer mykje stolar dit, men elles er mykje av marknaden vår i utlandet, seier dagleg leiar Konrad Skibenes som opplyser at desse stolane er ein liten ordre i høve til kva dei produserer gjennom eitt år.

Stolane blir produsert av  West Mekan, men enkelte tenester og varer må kjøpast. Dei har mellom anna samarbeid med bedrifter i utlandet som tek seg av saum, då det er få bedrifter i Norge som tek på seg saum av trekk til stolar.

– Vi er totalleverandør av stolane og står for utvikling, konstruksjon og metallarbeid, men underveis nyttar vi eit nettverk av underleverandørar av tenester og varer. Når alle komponenter er på plass i bedrifta tek vi oss av sluttmonteringa, seier Skibenes som sjølv er den som ofte startar utviklinga av ein ny stol, men ferdig stol er eit godt samarbeid mellom mange involverte, både internt og eksternt.

–Det er ikkje slik at vi skaper ein heilt ny stol for kvar ordre vi får inn. Vi har ein base, ein grunnstol å gå ut i frå, og så gjer vi endringar og tilpassingar basert på ulike behov frå kunden, opplyser Skibenes.

Til Tyrkia

Mykje av arbeidet med ein stol er logistikk og koordinering av komponentar fra inn og utland. I tillegg er det også mykje opplæring av kundar, og av og til treng kunden hjelp. Mellom anna var Skibenes sjølv til Tyrkia for å gje opplæring i høve til montering av stolane på plass i salongen. Slike turar blir kombinert med besøk av både nye og eksisterande kundar for å skaffe nye ordrar.

–Det er mange utfordringar i høve til samarbeid med utanlandske bedrifter. Dei er langt borte, og kommunikasjonen er ikkje alltid enkel, og det er også store kulturskilnader.  No er West Mekan i gang med ein langt større ordre, produksjon av 700 stolar som skal avgarde til Filippinane, for montering i ein hurtigbåt som skal gå i rute i Tyskland. I dag er 70 prosent av marknaden til West Mekan på stolar i utlandet, og i 2017 var omsetninga på knappe 50 millionar. Nyleg har dei også levert ein nyutvikla stol til bruk i cruiseturisme. Dette er stolar som skal monterast i eit nytt konsept for tender-båtar som fraktar turistane frå cruiseskipa og inn til land. Den nye generasjonen båtar skal ha eit mykje vidare bruksområde enn tidlegera for å gjere seg mindre avhengige av lokale installasjoner/tjenester, seier Skibenes.

Mange stolar

Ei av dei som har vore med i stolproduksjonen er Anne Kristin Bjørhovde. Mellom anna er arbeidsoppgåva hennar å montere saman dei ulike delane. Og med skrudrill og lang erfaring går det unna.

–To personar monterer frå 4 til 20 stolar på ein time avhengig av stolmodellen som skal leverast. Når det gjeld ferjestolane var dette eit par dagars arbeid med montering, seier Bjørhovde som har montert mange liknande stolar gjennom 23 år i bedrifta.

–Eg tenkjer nok på kvar stolane skal når eg monterer. Det er kjekt å tenkje på at ein er med på eit arbeid som er synleg både i Norge og i utlandet. Det skal bli stas å sjå desse stolane når ferja kjem i drift, seier Bjørhovde.

Stolane til Gloppefjord og Eidsfjord er for lengst sendt ut av landet. Her stolar til ein tysk båt. Frå venstre Andra Cojocaru, Magnus Sævik og Anne Kristin Bjørhovde.
Dagleg leiar Konrad Skibenes brukar mykje tid til å tenkje ut nye stolløysingar. Her med understell som snart reiser av garde til Filippinane, montert på 700 stolar.
Dei nye ferjene mellom Lote og Anda er eit pionérprosjekt og eit langt steg i meir miljøvenleg transport. MF Gloppefjord er no på testing/utprøving og blir truleg sett inn i sambandet komande veke.