Måtte rydde frontvindu

Nyhende

Statens vegvesen har i dag kontrollert 28 køyretøy på kontrollplassen på Kjøs.

Der vart det gjeve ei åtvaring for mindre brot på køyre- og kviletid.

Fire fekk bruksforbod fordi dei hadde gjenstandar i siktsona (frontvindu). Dei fekk ikkje køyre vidare før frontvindu var rydda.

Ein av sjåførane vart meld for gjentakande brot på det same forholdet med gjenstandar i siktsone.

Ein fekk fekk bruksforbod fordi lasta stakk to meter bak køyretøyet utan at lasta var tilstrekkeleg merka.

Ein bilførar måtte sikre lasta betre før han fekk køyre vidare,

Ein sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring.

Ein sjåfør fekk mangel på grunn av dekk då dette var skeivslite.