Nyleg var ein delegasjon frå Statens vegvesen på vitjing på Nordfjordeid for å sjå på E39-brua på Skipenes, saman med to representantar frå Eid kommune.

Planen frå vegvesenet si side er å bygge ei heilt ny bru for å erstatte den gamle.

Forprosjekt

– Vi skal først lage eit forprosjekt der ulike bruløysingar vert vurderte. Forprosjektet skal etter planen vere ferdig i midten av februar, opplyser prosjektleiar i Statens vegvesen, Jon Harald Huseklepp. Han hadde torsdag med seg fagfolk innan ei rekkje felt, for å vurdere brua og området rundt.

Der var både ingeniørar, landskapsarkitekt, ekspertise på naturmangfald og geoteknikar på plass for å gjere seg opp ei meining. Det skal også gjennomførast grunnundersøkingar og ein skal sjekke vassføring.

Vegvesenet var også interesserte i å høyre Eid kommune sine synspunkt og framtidsplanar for området ved brua.

Er heilt i startfasen

Huseklepp understrekar at Statens vegvesen førebels er heilt i startfasen av arbeidet, og dei har ikkje kome så langt i prosessen at dei har kontakta grunneigarar. Før dei gjer det, må dei ha gjennomført forprosjekt og valt ei løysing, slik at dei veit noko meir om kva som vil bli aktuelt av arealbehov og terrenginngrep.

Reguleringsplan og byggeplan

Når forprosjektet er klart og ein har valt ei bruløysing, startar arbeidet med reguleringsplan og byggeplan. Det er Eid kommune som skal godkjenne desse planane, og erfaringsvis går det vanlegvis eitt år, kanskje noko meir for å gjennomføre ein slik planprosess. Det skal mellom anna skal gjennomførast høyringar der både ulike faginstansar, grunneigarar og andre kan kome med merknader.

Prosjektleiaren ser såleis føre seg at ein har kome langt inn i 2019 før ein har fått på plass ein godkjend reguleringsplan.

Innhente anbod

Deretter starter prosessen med å innhente anbod. Dette skal lysast ut på Doffin og ifølgje «Lov om offentleg anskaffelse» er det berekna tre månader behandlingstid før entreprenør er innstilt og arbeidet kan setjast i gang.

– Det er litt avhengig av omfang, men under føresetnad av at forprosjektet blir godkjent, reknar vi med at det tidlegast blir byggestart hausten 2019, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp til Fjordabladet.

40,9 millionar 2018-kroner

Det skal byggast ei bru som ivaretek trafikkbehovet med gang- og sykkelareal på den eine sida.

I handlingsprogrammet for NTP er Skipenes bru oppført med midlar til utbetring, 26,9 millionar kroner i perioden 2018-2021, i tillegg er det i 2020 sett av 13,1 millionar kroner til fornying. Det inneber at det i utgangpunktet er rekna med å bruke 40,9 millionar 2018-kroner på dette tiltaket.

Handlingsprogrammet er Statens vegvesen si konkretisering av Nasjonal transportplan, og plan for disponering av midlar til forvaltning, trafikant - og køyretøytilsyn, drift, vedlikehald, investeringar og riksvegferjedrift for dei første seks åra i NTP-perioden.

Smalt gangareal

Det er liten plass til mjuke trafikantar på dagens Skipenes bru, særleg etter at nytt plasskrevjande rekkverk vart montert. Statens vegvesen har kome fram til at ein må leve med forholda slik dei no er fram til ny Skipenes bru er på plass. Vigdis Lobenz i plan- og forvaltningsseksjonen i Statens vegvesen opplyste i november i fjor til Fjordabladet at dei har vurdert ulike mellombelse trafikktryggingstiltak, og har kome fram til at ting vert som dei er fram til ein har fått bygt ny Skipenes bru.

Vegvesenet har mellom anna sett på om ein kan setje ned fartsgrensa frå 60 km/t til 50 km/t, men strekninga er ikkje definert som tettbygd strøk og fyller ikkje kriteria for å gjere dette.

– Vi må sjå på det totale bildet. Hovudfokuset er no å få planane på plass og få bygt ei ny bru, understreka Lobenz. Ho var innforstått med at sikring av brua i form av nytt rekkverk har medført litt mindre sideareal og at det har blitt smalare for mjuke trafikantar. Ho peika på at dette er ei gammal bru som vart bygt i ei tid då standarden og bilparken var annleis, og det er nettopp fordi det ikkje er godt nok no i dag at ein skal bygge ei ny bru.

– Når ny bru er på plass, blir det heilt andre og betre forhold.

OPPSTART: Det er sett av midlar til ny bru på Skipenes, og arbeidet med undersøkingar og planlegging har starta opp. Foto: Anna Wuttudal