I fjor prøvde ein å sette i gang ekstra tilbod for dei mange camparane, og planane er no i full gang for å få på plass fleire aktivitetar.

– Vi laga til tilbod om yoga i fjor, og det var jo eit artig innslag sjølv om det vart lite brukt. No spekulerer vi på kva vi kan få til, slik at det blir litt meir variasjon i camplivet for dei som ønskjer det, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Kunstgrasbana

Eitt av tilboda ein vurderer å sette i gang, er fotballkampar på kunstgrasbana ved Valhall.

– Det trur vi er noko som kan treffe mange. Eg vil understreke at vi er i startfasen med å få på plass alternative tilbod for camparane, og at dette er noko som vi rett og slett må prøve ut i praksis for å sjå kva som fungerer, seier Naustdal.

Han understrekar at festivalcampen først og fremst er eit overnattingstilbod.

– Det er heilt klart, men det skal også vere ein hyggefaktor. Det er noko camparane stort sett klarar å få til sjølve, men det er ikkje noko hinder for at vi skal kunne skape nye tilbod, seier Naustdal.

Samfunnsansvar

Ei tilstrøyming av feststemte folk som gjev ei mangedobling av folketalet, gjer at Nordfjordeid blir totalt forandra under Malakoff-helga.

– Ein kan godt seie at det er unntakstilstand den helga, og det er heilt klart at vi har eit samfunnsansvar. Her kjem samarbeidet med politiet, vakter og frivillige inn i bildet, kanskje spesielt no når aldersgrensa på festivalcampen blir forandra, seier Arnt-Ivar Naustda.

For det er klart at når aldersgrensa for å kome inn på festivalcampen blir heva frå 16 til 18 år frå og med i år, vil det kome utfordringar ein i mindre grad har hatt tidlegare.

– Frå festivalen si side ønskjer vi sjølvsagt at 16 og 17-åringane framleis skal kome. Likevel er det naivt å tru at dei blir verande på festivalområdet heile tida. Utfordringa blir den aktiviteten som skjer på utsida av gjerdet. Her må vi ha eit system som fangar det opp, og ikkje berre seie at det ikkje er vårt ansvar, seier Naustdal.

Han understrekar at endringa som er gjort for aldersgrensa på festivalcampen er gjort i tett samarbeid med politiet.

– Spesielt dei to-tre siste åra har dette vore mykje diskutert, og frå politiet si side har det vore ønskjeleg med ei innstramming. Dette blir no gjennomført frå og med årets festival, seier Naustdal.