Eid kommune og Selje kommune har inngått eit samarbeid når det gjeld leasing av kommunale bilar. Etter anbodsrunde fall valet på Toyota Nordfjord og Førde, og Berge & Co. Dette er ei kontrakt på fire år, og denne veka vart to personbilar levert til Eid kommune.

Hybrid

Dei to bilane er hybridbilar som skal brukast av psykiatritenesta og administrasjonen i Eid kommune. Før jul fekk dei åtte varebilar på plass, levert av Berge & Co. Desse blir brukt av heimetenesta, teknisk og plan/utvikling. Samarbeidet mellom Selje og Eid er sjølvsagt tufta på at denne kontrakta skal vidareførast i Stad kommune frå 2020. Fram til no har det blitt levert ein hybridbil også til Selje kommune.

Miljøvenleg

Eid kommune har som mål å få heile bilparken som miljøvenlege bilar. I dag er det ti av rundt 25 kommunale bilar som har mindre utslepp av Co2. I første omgang har det blitt satsa på hybridbilar, men på sikt er målet også å få inn elbilar. Problemet er kapasiteten på langkøyring, og korleis dette vil fungere ikkje minst innan heimetenesta.

–Vi må vurdere i kvart einskild tilfelle om elbilen har den kapasiteten som er naudsynt for den langkøyringa som finn stad innan heimetenesta. Per i dag trur vi at dette kan bli vanskeleg, men utviklinga går mot stadig betre elbilar, og innan få år vil vi nok også kunne nytte elbilar med nullutslepp også innan heimetenesta, trur Ole Morten Erviksæter, konsulent i økonomiavdelinga i Eid kommune.

Miljø først

Ved innleige av nye bilar vil Eid kommune leggje stor vekt på miljøfaktoren i val av bil.

–Står det mellom to bilar og prisen for leige er den same, skal ein vektleggje miljøgevinsten, seier økonomisjef i kommunen, Ole Starheim.

–Ein må sjølvsagt sjå på heilskapen og kva som tener den kommunale oppgåva best. Men mindre uslepp er ein faktor som skal vege litt meir enn andre fordelar ved bilen, seier Starheim.

Flest elbilar i Gloppen

Gloppen kommune er best i Nordfjord når det gjeld å bruke elbil i kommunal teneste. Allereie i 2015 hadde dei fem elbilari teneste. Dette viser ein artikkel frå Kommunal Rapport frå 2105. Der står ingen andre av kommunane i Nordfjordoppført med bruk av elbil i kommunal teneste, tilbake i 2015.

38 private elbilar i Eid

Tal frå SSB viser at det i 2016 var 38 private elbilar i Eid kommune.

Dette plasserer kommunen på andreplass i Nordfjord, då det i Gloppen var 41 elbilar i 2016.

Stryn peikar seg ut med få elbilar i høve til storleiken på kommunen. I 2016 var det berre 17 stryningar som køyrde rundt i elbil.

I Selje var det ni som hadde elbil, og i Bremanger var det også ni.

I Vågsøy kommune hadde femten satsa på bilen med nullutslepp, medan berre tre i Hornindal hadde elbil.

Totalt i Nordfjord var det 132 som køyrde rundt i elbil i 2016. Åtte år før det, i 2008, var det berre fire elbilar i Nordfjord. Altså 33 gonger så mange elbilar på åtte år.